Hopp til innhold

Sjekk den fullmånen! Send oss dine månebilete du også

Måndag vil månen vere nærare jorda enn på 68 år, og ikkje før i 2034 vil det same fenomenet skje igjen.

Supermåne

NESTEN FULLMÅNE: @reidunok på Instagram fanga dette blinkskotet søndag.

Foto: @reidunok

No ligg det dessverre an til regn og mildvêr i Sogn og Fjordane måndag, men om du skulle vere så heldig å få sjå supermånen – så ta gjerne bilete og send oss!

Vi har alt fått inn nokre bilete av månen no i kveld via Instagram. Om du vil så kan du merke bileta dine med #nrksf, så kjem det dei opp på framsida vår. Du kan også sende oss bileta dine på e-post eller som mobilbilete. Skriv då SF og send til 1987.

– Kvar 13. månad kjem det ein ny supermåne, men den som kjem nå er enda litt større og enda litt sterkare enn den som var i fjor, fortel leder i Trondheim Astronomiske Forening, Birger Andresen, til NRK Trøndelag.

Om månen er nære horisonten vil den kanskje sjå enda større ut, men det skuldast noko helt anna og har ikkje noko med supermånen å gjere. Det er ein optisk illusjon som heiter måneillusjonen.

Forskarar meiner effekten kjem av at auge samanliknar månen med nærliggande objekt som tre, fjell og bygningar.

– På måndag vil den stå opp i 16-tida på ettermiddagen. Da vil den ligge lågt og man oppfattar den i forhold til størrelsen på tre og fjelltoppar. Derfor vil den sjå mykje større ut enn det den eigentleg er, fortel Andresen.

Fullmåne over Måløy

MÅNE OVER MÅLØY: Robert Vaage tok dette flotte bildet søndag. Måndag kan det bli verre å sjå supermånen.

Foto: @robertvaage
Laster innhold, vennligst vent..
Instagram Sogn og Fjordane