NRK Meny
Normal

Takkar den unge målvaktkjempa for topplasseringa på formtabellen

18 år og målvaktkjempe! Mathias Dyngeland får mykje av rosen for at Sogndal plasserer seg på topp tre på formtabellen dei siste fem eliteseriekampane.

Mathias Dyngeland

OFRAR ALT: Mathias Dyngeland har spelt seg inn som Sogndal sin førstemålvakt. Her frå kampen mot Strømsgodset tidlegare i år.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB Scanpix

Den unge bergensaren kom til Sogndal i fjor og gjekk lenge skadd. Men i år har det aller meste stemt for Mathias Dyngeland. No når Erik Dahlin har returnert til folkhemmet i Sverige, så er det ingen tvil om at Mathias er førstevalet for Jonas Olsson og co.

– Han har takla det på ein strålande måte, det såg vi jo i går mot Odd. Men eg må jo også skryte veldig av Erik Dahlin i forhold til måten han har jobba med Mathias frå han kom til klubben. Måten det keeperteamet har fungert er eit føredøme. Erik var eit førsteval, men Mathias nærma seg stadig og konkurrerte ut Erik etter kvart, seier assistenttrenar Tom Mangersnes til NRK.

– Meir vaksen målvakt

Dei siste kampane har Dyngeland nærast stått som ein vegg for Sogndal, og i 0-0-kampen i Skien 2. pinsedag var det liten tvil om at målvakta var svært delaktig i å sikre Sogndal eitt poeng.

– Du ser på Mathias no at han er ein enda meir vaksen målvakt no, enn han berre var for nokre månader sidan då han stod dei første fire kampane i sesongen. Det er systematisk arbeid leia av Terje Skjeldestad saman med keeperteamet over tid som skal få mykje av æra for det han presterer no, meiner Mangersnes.

Jaktar ny målvakt likevel

– Men er de no på jakt etter ein erstattar etter Erik Dahlin?

– Det forsvann ein viktig faktor ut av keeperteamet, og vi ser vel det at Mathias fort vil vere aktuell både for U19 og U21-landslaga. Det er klart vi kan vere litt sårbare om vi berre har Mathias og Leif Lysne. Så vi er på utkikk etter om vi kan styrke målvaktstallen vår, slik at vi framleis er tre, stadfestar Mangersnes.

Etter ein tøff start på sesongen er no Sogndal oppe i totalt 15 poeng, og ligg godt plassert midt på tabellen. Og det er dei unge spelarane som verkeleg har prega Sogndal dei siste kampane, ikkje minst Petter Strand og Tim Nilsen - saman med stjerneskotet Mahatma Otoo.

Sogndal sine fem siste kampar i eliteserien:

  • Sogndal- Start 2-1
  • AaFK - Sogndal 2-2
  • Sogndal - Brann 2-1
  • Sogndal - Sandnes/ULF 1-0
  • Odd-Sogndal 0-0

– Dei er dønn fokuserte

– Når det butta litt imot i starten, så er det klart at vi ikkje undervurdere ungdommeleg pågangsmot i ein slik samanheng. Dei vil alltid vere dønn fokuserte inn mot dei arbeidsgåvene dei får, seier Tom Mangersnes.

Han peikar på at Sogndal no har ein miks mellom ungdommeleg pågangsmot og erfaren klokskap.

– Det har vore viktig inn i kampar som til dømes den førre heimekampen mot Sandnes/Ulf eller kampen mot Start, der vi stangar og stangar og har evna til å avgjere kampen heilt i slutten. Det er noko som vitnar om at vi ikkje gjev opp og at vi har kapasitetar i gruppa som veit at det er berre å male på, slår assistenttrenaren fast.

Formtabell siste fem seriekampar

1. Bodø/Glimt

12

2. Molde

11

3. Sogndal

11

4. Odd

10

5. Vålerenga

9

6. Stabæk

9

7. Rosenborg

8

8. Lillestrøm

7

9. Strømsgodset

7

10. Sandnes/Ulf

5

11. Start

4

12. Brann

3

13. Viking

3

14. Sarp.08

3

15. AaFK

2

16. Haugesund

2


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.