Hopp til innhold

– Første gong eg er så heldig å få sjå det

Då det byrja å buldre i fjellsida inst i Erdalen i Oppstryn var Jan-Ove Garlid snar med å ta fram mobiltelefonen.

Jan-Ove Garlid sat utanfor Vesledalshytta i Erdalen i Oppstryn då han høyrde buldringa frå fjellsida.

SJÅ VIDEO: Naturkreftene kan vere imponerande å sjå på frå trygg avstand. (FOTO: Jan-Ove Garlid)

– Eg sat utanfor Vesledalshytta, og så byrja det å buldre opp i der, fortel Jan-Ove Garlid.

Torsdag 2. juni var han på fjelltur i Erdalen i Oppstryn, noko han titt og ofte er. Om våren og sommaren rasar det ofte i området, men han har sjølv aldri sett det.

– Lokale seier det pleier å kome eit stort ras rundt jonsok, men det er litt lenger framme i dalen. Det var første gongen eg var så heldig å få sjå det, seier han.

Garlid tippar han var kring 500 til 600 meter frå raset, men frykta ikkje at snømassane skulle kome heilt ned til området der han stod.

– Nei, det trur eg ikkje går an.

Ber folk vere merksame

Den siste tida har sommarvarmen slått inn over store delar av landet, men det har ikkje auke faren for snøskred i noko grad.

– Folk må vere merksame når dei går på skitur, og det kan vere mykje vatn i snøen. Vi har også fått inn bilete som syner at det somme stader er forseinkingar i terrenget som er fulle av vatn, seier Søren Boje ved skredvarslinga i NVE.