Hopp til innhold

Sjekk avstanden i den nye storkommunen på kysten

Stortinget sikrar no fleirtal for nye Kinn kommune der det er 10 mil mellom dei to kommunesentra Måløy og Florø.

Nye Kinn kommune

  • Saka vert oppdatert

Frp og Venstre trassa Høgre og fekk med seg Ap på ei samanslåing av Flora og Vågsøy til det som skal bli nye Kinn kommune. Bremanger, som ligg i midten, blir ikkje tvangssamanslått.

– Hurra! Dette har eg jobba for lenge. På vegner av kysten i Sogn og Fjordane må eg seier at dette er ein kjempedag, seier ordførar i Flora, Ola Teigen.

Han er strålande nøgd med det fleirtalet som Frp, Venstre og Ap har sikra i kommunal- og forvaltningskomiteen i dag. Dette er ikkje dei einaste kommunane som blir slått saman. Stortinget har no fleirtal for å gjere 32 kommunar om til ni ved bruk av tvang. Dermed blir talet på norske kommunar redusert til 358.

– Det var ikkje aktuelt for oss å gjennomføre meir tvang no, seier Helge André Njåstad (Frp) til NRK.

Regjeringspartner Høgre ønska Bremanger med i kommunen, og Njåstad måtte difor gå til Arbeidarpartiet og Venstre for å sikre flertall for Kinn kommune.

Spesiell kommune

Kinn kommune blir kanskje ein av dei mest spesielle kommunane i landet med delt kommunesenter. Det blir to timar med bil mellom dei to kommunesentera. I mellom ligg Bremanger kommune, som med sine 833 kvadratkilometer er like stor som dei to andre kommunane til saman.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, er også svært nøgd i dag.

– Eg har fått fleire meldingar frå innbyggarar som gratulerer og meiner vi bør heise flagget. Det er veldig kjekt å få slike tilbakemeldingar, seier Maurstad.

– Kva skjer vidare no?

– No har vi fått ei innstilling frå komiteen og så skal det voterast over det i Stortinget neste torsdag, men det er eit tydeleg fleirtal for den innstillinga som no er gjort, og då reknar eg med at det blir slik, seier Maurstad.

Ola Teigen og Kristin Maurstad framfor ordførarveggen i Vågsøy.

GLADE: Både Floraordførar, Ola Teigen, og Vågsøyordførar, Kristin Maurstad, er strålande nøgde med at det no er fleirtal på Stortinget for samanslåing av dei to kommunane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fryktar press mot Bremanger

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes, er ein skuffa mann i dag.

Sigurd Reksnes

SKUFFA: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes er overraska over at Arbeidarpartiet har vore med å sikre fleirtal for samanslåing av to kommunar som ligg langt frå kvarandre geografisk.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg synest dette er ein meiningslaus konstruksjon. Eg er veldig overraska over at Arbeidarpartiet er med å sikrar fleirtal på Stortinget saman med Venstre og Frp. Eg er redd dette no vil legge eit press på Bremanger om å slå seg saman med Flora og Vågsøy, seier Reksnes.

Fornuftig å ikkje tvinge med Bremanger

Det var spekulert i om Bremanger skulle bli tvangssamalått med Flora og Vågsøy. Det har dei ikkje blitt, og det synest Vågsøyordførar, Kristin Maurstad, er greitt.

– Eg meiner det er fornuftig å ikkje tvingar med Bremanger i denne omgang. Dei har sagt at dei ønskjer å stå åleine og det skal dei få lov til. Eg må seie meg samd i den vurderinga som har blitt gjort, seier Maurstad.