NRK Meny
Normal

– Akkurat no er det nok litt kaos der heime

HOLMENKOLLEN (NRK): Medan dei fire ungane ventar heime, må pappa Morten Aa Djupvik bu på hotell fire kilometer unna.

Morten Aa Djupvik på Holmenkollen Park Hotel

PAPPA PÅ HOTELL: Idrettssjef for skiskyttarane, Morten Aa Djupvik, kan sjå heim frå utøvarhotellet i Holmenkollen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det kjennest litt rart å bu her når resten av familien bur fire kilometer nede i lia. Men vi legg veldig mykje i dette her, og vi har veldig klare restriksjonar i høve smitte. Difor bur eg på hotellet og vekke frå resten av familien, seier Aa Djupvik.

Den blide og alltid optimistiske sjefen for landets flinkaste skiskyttarar, er ikkje i tvil om at det er rett å flytte heimefrå under VM i Holmenkollen. I praksis går meisterskapen vegg i vegg med heimen hans - men også idrettssjefen bur på hotell i Holmenkollen.

– Stritt for ho heime

Aa Djupvik innrømmer at det blir mykje jobb for kona som er heime med fire ungar, deriblant tvillingane som kom til verda ved juletider.

– Akkurat no er det nok litt kaos der med ungar som skal ut og inn og i barnehage, så ein får litt dårleg samvittigheit. Det kjennest jo også verre når ein er så nær heime, men dei er veldig positive og innstilte på dette.

Han er sjølv inne i sitt første år som sjef for landslaga i skiskyting. Samstundes er det mykje nytt å halde kontroll på med to nyfødde på heimebane.

Djupvik

HEKTISK: Morten Aa Djupvik har mykje å halde kontroll på om dagen, både på heimebane og under VM i Holmenkollen.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

Med jobben som idrettssjef følgjer det dessutan med mykje reising og mange netter på hotell. Før VM gjekk turen til Beitostølen og no er det fjorten dagar i Holmenkollen.

– Det er ikkje feil å seie at det er hektisk. Men all ære til kona mi som er heime og tek alt. Der har eg ikkje mykje kontroll for tida, ler Aa Djupvik og legg til:

– Men det var heilt naudsynt for å få til dette. Vi klarer å balansere det, og vi får det til å gå opp. Men det er klart det er stritt for ho heime, seier Djupvik.

Vil halde fram til etter OL

Den tidlegare langrennstrenaren var sjef for Petter Northug og co. under ski-VM i Holmenkollen i 2011. Han har kjent på presset det er å vere leiar for dei mest populære idrettsheltane i landet. Likevel erkjenner han det er endå større trøkk på stadion under VM i skiskyting.

Sjølv har hyaren kontrakt til 2018. Han satsar å bli med skiskytarane på nye suksessar. Så langt har det blitt medaljar i alle valørar i meisterskapen.

– Skiskyting er ein veldig fascinerande idrett, som eg trur vil bli enda større her i Norge. Det å kunne vere med å leie det norske laget under OL i Pyeongchang er ein veldig stor motivasjon for meg, seier Aa Djupvik.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå