Hopp til innhold

Sjefen for god stemning

HØYANGER (NRK): 17 år gamle Jenny Hatlelid Holsæter frå Årdal er leiar for ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane. Ho håpar å få snakke med kvar og ein av dei rundt 300 ungdommane på UKM-festivalen.

URG-gruppa lagar liv på UKM

URG-GRUPPA SKAPAR LIV: I pøsande regn skapar gjengen i ungdommens ressursgruppe liv. Etter konsertane på laurdag hoia både URG-gjengen, deltakarane og dei som ville frå publikum heile vegen frå Høyangerhallen til kyrkja.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det beste med festivalen er å møte folk og vere sosial, seier Jenny Hatlelid Holsæter.

Ho har sjølv delteke på UKM sidan 2013, dei to siste åra som leiar for ungdommens ressursgruppe i fylket. I Sogn og Fjordane er dei fem, men under festivalen i Høyanger har dei fått representantar frå Hordaland, Buskerud og Rogaland på utveksling.

– Vi er ei gruppe på ni som arbeidar veldig godt saman. Vi skal passe på at deltakarane har det bra også skal vi lage liv og god stemning heile festivalen.

Jenny Hatlelid Holsæter

URG-LEIAR I SOGN OG FJORDANE: Jenny Hatlelid Holsæter har som jobb å passe på at rundt 300 ungdommar har det bra.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Dei er rundt på workshops, backstage på førestillingane og pratar med deltakarane.

– Det er eit mål å ha prata med alle før festivalen er over. Det er rundt 300 ungdommar. Så det er litt å halde styr på!

Det sosiale er del av jobben

– Laurdagskveld har vi tre forskjellige aktivitetar. Bading, chillout og nattkino. Dermed må vi i gruppa fordele oss, seier Holsæter.

Ho og dei andre i URG-gruppa har akkurat hatt parade i pøsande regn frå Høyangerhallen til kyrkja.

– Vi laga jo god stemning heile vegen no. I går hadde vi jam. Det slo veldig an. Vi har også konkurransar, både på Instagram og noko nytt som heiter UKM-knutar. Deltakarane er veldig gira på å få gjort alle knutane. Då får dei premie på slutte.

URG-gruppa skapar liv på UKM

UNGDOMMENS RESSURSGRUPPE (URG) HAR ANSVARET FOR DET SOSIALE: Frå venstre: Emil Auli, Oddbjørn Litlabø, Jenny Hatlelid Holsæter, Camilla Haveland (framme), Rakel Sørhaug, Henriette Grotvik, Frida Bjørnereim og Lila Kjeldsen.

Foto: Wibeke Bruland

Passar på at alle har det bra

– Om eg ser nokon som går aleine snakkar eg med vedkomande! Eg spør om personen har det bra og kva han/ho deltek med. Ingen burde gå aleine på ein festival som dette.

Dersom Holsæter oppdagar nokon som er litt utanfor er ho rask med å formidle kontaktar.

– Det er garantert nokon som driv med det same. Då er det interessant å prate saman.

URG Sogn og Fjordane

URG-GRUPPA TIL TENESTE: Under opninga av kunstutstillinga var det lett å sjå kven som arbeidde i URG.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Føler seg verdsett

– Eg ser at det vi gjer i URG-gruppa vert sett pris på. Dersom deltakarane har spørsmål kjem dei oftast til oss. Andre vert også gjerne tilvist. Eg trur det er fordi vi er godt synlege. På festivalen går vi rundt i jakker det står URG på.

Ho synast det er kjekt å sjå at det ho gjer har betydning.

– Det å glede andre er ein stor lidenskap og noko eg likar.

Ho seier det har vore ei kjempe bra helg til no. Alt har gått slik som det skal. Det er heller ikkje tvil om at ho likar jobben sin.

– Eg kjem til å fortsetje også til neste år. Dette er kjempe kjekt!

URG

PARADE FRÅ HØYANGERHALLEN: Utlevering av ballongar og svingom i regnet.

Foto: Wibeke Bruland / NRK