NRK Meny
Normal

Sjef for asylmottak meiner det er uforståeleg at autistiske Abenezer ikkje får opphald i Norge

– I mi tid som mottaksleiar har eg ikkje sett ei sak der det er meir krystallklart at det burde blitt gitt opphald, seier Dag Olav Osen ved mottaket i Sogndal.

Leiar for mottaket i Sogndal Dag Olav Osen

OPPGITT: Mottaksleiar Dag Olav Osen meiner det er meiningslaust at ikkje Abenezer får opphald på humanitært grunnlag.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Osen, meiner det er uforståeleg at autistiske Abenezer (5) ikkje får opphald i Norge. Utlendingsnemnda meiner derimot at innvandringsregulerande omsyn er viktigare enn omsynet til barnets beste i denne saka.

Mottaksleiaren pratar om Abenezer, ein fem år gamal gut med diagnosen barneautisme og psykisk utviklingshemming.

Då meldinga om at mottaket i Sogndal skulle avviklast kom, byrja fleire personar som har jobba tett på guten og familien å frykte for framtida deira.

Familien har fått endeleg avslag på søknaden om opphald i Norge. Fordi dei ikkje har papir på kvar dei kjem frå, har det ikkje vore mogleg å returnere dei.

– Abenezer har eit enormt hjelpebehov. Blir dei sendt tilbake vil han i verste fall hamne på gata, trur Osen.

Abenezer og faren

FAR OG SON: Abenezer (5) saman med faren, Adhenome Gebreru. Abenezer er autist og treng tilsyn heile døgnet

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ikkje til barnets beste

– Eg har jobba i mottak i over ti år og møtt over 1100 asylsøkjarar. Dette er ei av dei sterkaste sakene eg har sett. Her tek ein ikkje omsyn til barnets beste, seier mottaksleiaren.

Utlendingsnemnda (UNE) har eit anna syn på saka. I september i fjor klaga familien saka inn til Sivilombodsmannen. Ombodsmannen sende inn eit utsegn i saka og bad UNE vurdere søknaden på ny, fordi han meinte det ikkje var gjort ei tilstrekkeleg grundig vurdering av barnets beste. Mellom anna fordi det ikkje var blitt gjort ein vurdering av helsetilbodet i dei mest sannsynlege returlanda.

Men i november kom svaret om at UNE ikkje gjer om på vedtaket. Dei meiner at dei innvandringsregulerande omsyna veg høgare enn omsynet til barnets beste.

I sin avgjerd skriv dei mellom anna «Det er ikkje tvil om at han vil få eit betre tilrettelagt tilbod i Norge enn han vil i heimlandet, uavhengig av heimlandet han skal returnere til. Det er likevel sterke moment som taler for at retur til heimlandet vil vere bra for barnet, fordi foreldra har familie og nettverk og kjenner språket og har kulturell tilhøyrsle til dette landet.»

UNE har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i saka.

– Eit barn i limbo

Karin Andersen (SV), som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, har engasjert seg i saka til Abenezer. Ho er av same oppfatning som Osen, om at Abenezer burde få opphald i Norge på humanitært grunnlag.

– I denne saka er det ikkje retur ein moglegheit for familien. Abenezer er eit veldig funksjonshemma barn som no er i limbo, så her burde humanitære omsyn overskygge dei innvandringsregulerande omsyna, seier ho.

Karin Andersen

HAR ENGASJERT SEG: Karin Andersen (SV) har mellom anna stilt spørsmål i Stortinget om det er mogleg for Abenezer og familien å bli buande i Sogndal, når mottaket leggast ned.

Foto: Stig Weston / SV