Hopp til innhold

Sjåføren kraup uskadd ut frå dette vraket

EID (NRK): Førarhytta på semitraileren vart nesten knust etter møtet med autovernet langs riksvegen i Nordfjord. På ein eller annan måte har sjåføren kome frå det utan fysiske skader.

Lastebilulukke Stårheim

KNUST: Lastebilen skal vere lasta med tauverk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Køyretøyet skal ha køyrd vestover og kome ut av vegbana, og så dratt med seg autovernet fleire meter vidare over køyrefeltet, opplyser Frode Kolltveit ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Så langt veit politiet ikkje noko meir om årsaka til ulukka på riksveg 15 ved Torvika mellom Stårheim og Nordfjordeid i Eid i dag.

Lastebilen var lasta med tauverk og skal ha blitt fjerna frå staden med hjelp av bilbergar.

Ingen personskade

Lastebilulukke Stårheim

AUTOVERNET: Lastebilen tok med seg autovernet over køyrefeltet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det skal vere store skadar på autovernet, og på sjølve lastebilen, men den utanlandske sjåføraren skal ha kome frå ulukka utan skader.

Føraren blei køyrd i ambulanse til sjukehuset i Førde for sjekk, der det også vil bli teke blodprøve.

– Det skal ikkje vere mistanke om rus, seier Kolltveit.

Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i ulukka, og føraren var åleine i bilen.

Oppryddinga tek tid

Vegen var stengt ein periode på grunn av ulukka, men entreprenørar frå Statens vegvesen driv no manuell dirigering på staden.

Ifølge Operasjonssentralen i Vest politidistrikt vil ikkje vegen vere ferdig rydda før seinare i kveld.

Før ulukka skal det vere meldt om vått føre på staden, men det skal ikkje ha vore is i vegbana.

Lastebilulukke Stårheim

SPERRA VEGEN: Ulukka sperra Rv. 15.

Foto: Harald Kolseth / NRK