Dermed har førdepolitiet fått tak i eit svært sentralt vitne. Personen som i dag er avhøyrt av politiet, må nemleg ha køyrt den sikta 41-åringen frå Førde til Gaular kort tid etter drapet på Anne Slåtten. Politiet har sagt at drapet fann stad mellom klokka sju og halv åtte om morgonen søndag 6. juni.
Klokka halv ti same morgon var den sikta 41-åringen på besøk hjå syster si i Gaular. Men Fonn vil ikkje seie kva tid køyreturen frå Førde til Gaular gjekk føre seg.
Verdifullt vitne
Men vitnet er svært verdifullt fordi det kan seie om 41-åringen oppførte seg unormalt, om han bar preg av å ha vore i kamp med nokon, og om han sa noko om kva han hadde gjort i Førde. Politiet legg fullstendig lok på kva vitnet har forklart.
Men Fonn stadfestar at politiet framleis meiner mannen som vart varetektsfengsla fredag, er åleine om drapet på den 22 år gamle sjukepleiarstudenten.