Det fekk alvorlege følgjer for transportnæringa, seier leiar i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden.
- Veldig mykje av trafikken som går om natta er veldig viktig for næringslivet, og vi set eit stort spørjeteikn ved at Fylkesbaatane kan sperre hovudvegen på denne måten her, seier Tenden.
- Horribelt
Ferja Svanøy kunne vore brukt i natt, meiner sinte sjåførar. Arkiv NRK.
Åtte vogntog måtte venta i tre timar i natt då bilferja Gloppen på strekninga Lavik og Oppedal sto i ro på grunn av storfloda.
Men til kai låg Svanøy i nattopplag.
Rolf Olav Tenden i lastebileigarforbundet har fått mange telefonar i dag frå sjåførar som er frustrerte over at ikkje denne ferja blei sett inn sidan ho er lågare enn Gloppen.
- Eg syns det er horribelt at Fylkesbaatane kan innstille sambandet når vi veit at Svanøy låg i nattopplag og at den er brukbar ved høg vasstand, seier Tenden.
Forsinka aviser
Avissjåfør Vidar Birkeland var på veg til Bergen med Firda og Firdaposten, men blei ståande på ferjekaien i Lavik.
- Det førte til at eg ikkje rakk postterminalen i Bergen tidsnok, slik at aviser blir liggjande til i morgon, seier Birkeland.
Ikkje noko alternativ
Divisjonssjef for ferjene i Fjord 1, Svein Solheim, seier at det berre delvis ville løyst problemet om dei hadde sett inn Svanøy.
- Springfloda i natt var så ekstrem at også Svanøy kunne risikere å bli sitjande fast i ferjelemmen, seier ferjesjefen.