NRK Meny
Normal

– Vi er sterkt prega av bussulukka

Dei tilsette i busselskapet Sogn Billag er i dag sterkt prega av bussulukka som ein av sjåførane i billaget var involvert i i går ettermiddag.

Sogn Billag - ulukke Fardal

PREGA: Dei tilsette i Sogn Billag er prega av ulukka i måndag kveld då to bussar kolliderte. Ein av deira sjåførar køyrde den eine bussen.

Foto: Christian Blom/Anders Veberg / NRK

– Vi tenkjer særleg på dei som har mista nokon i ulukka og på dei som er skadde. Vi har og ein organisasjon som er sterkt prega av ulukka som har hatt ein briefing her på kontoret med dei tilsette med status, seier dagleg leiar i Sogn Billag, Per Steinar Sviggum.

Ei slik ulukke skal jo ikkje skje, seier Sviggum og fortel at dei i dag er eit busselskap som er sterkt prega av ulukka som skjedde i går i Fardal på riksveg 55 i Sogndal.

Bussen frå Sogn Billag kolliderte med ein svensk buss med turistar frå Taiwan. To personar omkom, to ligg alvorleg skadde på Haukeland universitetssjukehus og åtte lettare skadde blei sendt til Sentralsjukehuset.

Ein risiko dei må leve med

Sviggum seier at dei har 100 bussar i aktivitet som er ute på vegen.

– Våre sjåførar har eit profesjonelt forhold til det og utfører jobben sin på ein profesjonell måte, men alle er nok prega av situasjonen og alle er nok bevisst på at når vi er ute i trafikken ligg det ein risiko vi må leve med.

Leiar i selskapet seier likevel at dei sjølvsagt håpar og ønskjer at ein ikkje skal kome opp i slike situasjonar.

Vil følgje opp sjåføren

– Sjåføren som jobbar for deg og som var i ulukka, har du fått snakka med han?

– Eg har ikkje snakka med han personleg enda, men vi fekk tidleg kontakt med ein av våre sjåførar som møtte opp på hotellet og var med han i heile går kveld der ham hadde oppfølging av helsepersonell, seier Sviggum.

– Vi kjem til å følgje opp sjåføren i dag og ha tett kontakt og lage eit opplegg rundt han slik at han vert ivareteken, legg han til.

Undersøkingar og avhøyr

Klokka 10 i dag kom Statens Havarikommisjon for transport til Sogndal.

Lensmann Åge Løseth

AVHØYR: Lensmann Åge Løseth seier dei vil gjennomføre fleire avhøyr idag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det som skjer i dag er at Statens Havarikommisjon vil gjennomføre tekniske undersøkingar av bussane, dei vil og ta ein tur til åstaden, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth.

I tillegg startar politiet avhøyr av vitne og passasjerar i begge bussane.

– Forhåpentlegvis klarer vi i løpet av dagen vil kunne gjennomføre nye og litt meir utfyllande avhøyr av dei to sjåførane, seier Løseth.

Større trafikk

Sviggum vil ikkje seie direkte om vegen er for smal for to bussar.

– Vegen køyrer vi på kvar dag, både sommar og vinter og vegstandarden er sjølvsagt ei utfordring vi har her på Vestlandet, seier Sviggum og viser til at etterforskinga som politiet og havarikommisjonen skal gjennomføre vil eventuelt vise kva som eigentleg var årsaka til ulukka.

Han seier at med den stengde Gudvangatunnelen er det mykje større trafikk på strekninga Sogndal-Hella og at det er klart at det er større risiko med større trafikk.

– Ein kan aldri vere heilt førebudde på at noko slikt skal skje, men vi har ein beredskapsplan som gir oss ei støtte når situasjonen oppstår, seier Sviggum.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.