Hopp til innhold

Sjåfør utvist i to år for brot på køyreforbod

Det kosta utlendingen dyrt å trasse avregistrering og køyreforbod i førre veke.

Ekvipasjen som var stogga på Folven, på veg ut av landet.

UTVIST: Føraren av denne lastebilen fekk både bot og utvising frå Norge då han braut køyreforbodet.

Foto: Statens vegvesen

– Føraren har vedteke eit forenkla førelegg på 10.000 kroner og utvising frå Norge i to år, seier lensmann Lasse Trosdahl ved Stryn lensmannskontor.

Alvorlege feil

Vogntoget vart stogga på retur frå Sunnmøre under ein kontroll ved Kjøs i Hornindal.

Frå motorrommet såg kontrollørane frå Statens vegvesen det renne olje og ein nærare sjekk av bremseskivene avdekka store og mange sprekkar på framakslingen.

– Med så mange sprekkar kan bremseklossane hekte seg når sjåføren bremsar. Då går bremsene sunde, fortalde Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen.

Stogga på nytt

Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn

FØRELEGG: Lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl, har bøtelagd føraren som i førre veke trassa køyreforbod.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vogntoget fekk køyreforbod og vart avskilta. Nokre dagar seinare var bilen likevel på vegen att. Lastebilen vart køyrd tre mil til Nordfjordeid og der lasta om bord i ein annan bil som kom frå heimlandet for å hente den.

På veg over Strynefjellet vart transporten stogga ved Folven i Stryn.

– Det er ein grunn til at vegvesenet tok skilta. Den var ikkje trygg å køyre med, og då skal det stå stille til feila er utbetra. Dette er rett og slett ikkje akseptabelt, sa Trosdahl.