Inspektørane frå Statens vegvesen, Frode Hålien og Roger Løvlid, veit ikkje kvar turistane tok vegen.
– Sjåføren sa han skulle hjelpe turistane med å ta ut bagasjen. Etterpå var både han og passasjerane borte, fortel Hålien.
I turistdestinasjonen Flåm i Sogn kontrollerte inspektørane ein minibuss med skilt frå Estland. Men både sjåføren og passasjerane var kinesarar.
– Den kinesiske sjåføren sa han budde i Sverige og hadde lånt bussen frå ei venninne i Stockholm. Ho hadde igjen lånt bussen frå ein kar i Estland. Han var det umogeleg å få tak i, seier Løvlid.
Sprikande forklaring
Kinesarane hadde ikkje papir på minibussen. Dama hevda ho tok betalt, medan sjåføren sa den var lånt gratis. Det var mykje fram og tilbake.
– Eg trur sjåføren skjøna at han ikkje kom lenger. Han tok bagasjen og blei borte, seier Hålien.
– Vi stod igjen med ein låst buss. I samråd med politiet avskilta vi bussen for å hindre vidare bruk.
No har bussen stått avskilta i Flåm sidan laurdag.
Dagen etter skjer det igjen
– Søndag kveld var vi i Flåm på ny og kontrollerte ein buss frå Bosnia. Passasjerane var ni damer frå Dubai. Sjåføren hadde tysk førarkort, men verka ikkje til å vere opphavleg tysk, fortel Hålien.
Det oppstod problem om kvar sjåføren hadde fått bussen frå. Ein mann i Bosnia hevda han hadde leigde ut bussen i lengre tid for 500 dollar. Sjåføren sa han hadde hatt den ei veke.
Inspektørane fekk til slutt sjå leigekontrakten der bussen var lånt frå 5. juli til 10. september.
– Dette var ikkje sjåføren eining i, men ifølgje kvitteringar på dieselfyllingar og ferjebillettar, viste det seg at han hadde køyrt i Norge frå 3. juli. Vi stussa på at alt var betalt kontant, seier Hålien.
Under kontrollen forsvann damene frå Dubai. Sjåføren stod att med ein tom buss og ville tilbake til Tyskland.
– Han ville ikkje køyre meir i Norge, fortel inspektøren.
Har berre skjedd ein gong før
– Vi har opplevde dette ein gong før. Det var i fjor på Håbakken, fortel Hålien.
Då kom ein buss med skilt frå Estland. Passasjerane var frå Kina, det var sjåføren og, men hevda han var busett i Sverige.
– Bussen forsvann frå Håbakken med sjåfør og passasjerar midt på natta. Dei skulle overnatte i Oslo. Men då vi ringde hotellet dagen etter var romma avbestilt. Kvar bussen tok vegen er det ingen som veit, fortel Hålien.