Hopp til innhold

Sjåfør nedringt frå heile verda

– Telefonen har ikkje stått stille. Det har ringt på begge telefonane i heile dag, seier langtransportsjåfør Tor-Bjørn Kyrkjebø. Redaksjonar frå heile verda har ringt for å få tak i videoen av guten som var svært nær ved å verte påkøyrt av ein semitrailer.

Her krysser han veien like foran lastebilen.

STERKT INNTRYKK: Denne videoen har gjort sterkt inntrykk i mange land over heile verda.

Tor-Bjørn Kyrkjebø

FÅR MYKJE ROS: Sjåfør Tor-Bjørn Kyrkjebø får berre positive tilbakemeldingar på måten han reagerte på då ein gut var nær ved å verte trefte av ein trailer.

Foto: Privat

– Dei har tydelegvis nettopp vakna i USA. For ein time sidan hadde eg fleire telefonar frå CNN og fleire nyheitskanalar, fortel Tor-Bjørn Kyrkjebø på telefon til NRK litt før klokka 21 måndag kveld. Då er sogningen i Lærdal på veg med last frå Oslo til Førde.

– Det har ringt heile tida

– Eg har to telefonar med meg, og begge to har ringt i heile dag. Det er folk som vil kjøpe videoen og få tilgang til den, seier Kyrkjebø.

Videoen hans og historia om ungane som var nær ved å verte trefte av ein semitrailer då dei sprang ut i vegen bak skulebussen har vekt sterke reaksjonar. Videoen vart publisert av fleire norske redaksjonar laurdag kveld, og sidan har det vore travelt for sjåføren.

Faren lovar kaffi og kaker

Han fortel om telefonar frå redaksjonar i Japan, England, Sverige, Danmark, i tillegg til alle dei store norske mediehusa. Videoen er også observert i ei thailandsk nettavis. Frå USA fortel ein nordmann at han har sett videon på NBC sitt morgonshow «Today» og lokale NBC-stasjonar blant anna i Pensa og Mobile, Alabama. Men det er ikkje berre journalistar som vil snakke med Kyrkjebø om den dramatiske hendinga sør for Gol 19. juni år.

– I dag tidleg snakka eg på telefonen med far til den ungen som sprang over vegen. Eg fekk prata med han og lova at eg skal stoppe neste gong slik at han skal få sjå originalvideoen. Eg vart lova både kaffi og kaker. Han var utruleg glad for at dette hadde gått bra, fortel Kyrkjebø.

Foreldra fortalde søndag at dei har hatt det vondt etter nestenulukka.

Ros frå kollegaer

Også tilbakemeldingane frå kollegaer har berre vore positive. Han har fått mykje ros for måten han handla på. Fleire meiner sjåførane bør få medalje.

– Det har vore samtaleemne på alle terminalane eg har besøkt i dag. Det var som dei sa eine staden; dette må vere den mest omtalte saka i heile Norden dei to siste døgna. Det er utruleg mange som har fått det med seg. Alle seier til meg at det må ha vore ei fæl oppleving. Dei er sikre på at det var til hjelp at eg blinka med lysa og fløytte. Det er jo kjekt å høyre at folk meiner eg har vore til hjelp.

No håpar Kyrkjebø det kjem noko godt ut av at historia er blitt kjend.

– Eg håpar både skulane og busselskapa set fokus på dette slik at vi unngår at det skjer igjen.