Hopp til innhold

Sjåfør måtte hoppe ut då lastebilen trilla utfor skråning

Ein lastebil trilla fredag ettermiddag utfor ein skrent inne på eit steinbrot like utanfor Florø.

Lastebil kvelva inne på steinbrot, sjåfør måtte hoppe ut
Foto: TRULS KLEIVEN

– Sjåføren hoppa ut av bilen og er uskadd, opplyser Bengt Næss ved politiets operasjonssentral.

Sjåføren hadde fylt lasteplanet med stein og var i ferd med å heve planet, då har oppdaga at noko var gale. Truleg var bakakslingen øydelagt, opplyser Næss.

Hendinga har skjedd inne på eit steinbrot ved Mekjevika like utanfor Florø.

Lastebilen trilla ned ein skrent

USKADD: Sjåføren klarte å kome seg uskadd frå hendinga.

Foto: TRULS KLEIVEN