Hopp til innhold

Sjåfør kvilte for lite

Ein utanlandsk yrkessjåfør i 40-åra har godteke 14.000 kroner i bot for fleire brot på køyre- og kviletidsreglane. Mannen vart stogga under ein kontroll på Håbakken i april i år. Kontrollørane avdekka då at mannen hadde køyrd åtte dagar utan godkjend vekekvil. Lengste samanhengande kvil var på litt over fire timar i løpet av eit døgn. Mannen får heller ikkje køyre bil på norske vegar dei neste seks månadane.