Hopp til innhold

Sjåfør hadde knappe fire timar kvil på 35 timar køyring

Ein rumensk vogntogsjåfør fekk i går 17.000 kroner i førelegg for alvorlege brot på køyre- og kviletidene.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

ALVORLEG: Kvar veke stoppar kontrollørane til Statens vegvesen mange vogntogsjåførar som ikkje held seg til køyre- og kviletidene.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi snakkar om høvesvis alvorlege brot på køyre- og kviletida. Dette går på trafikktryggleiken laus, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Thormod Gausdal.

Då kontrollørane stoppa den rumenske sjåføren, fann dei ut at dette var tredje brot på køyre- og kviletidene dei siste fire vekene.

– Dei er pålagde å ha ein 11 timars pause i løpet av ein 24 timars periode. Lengste pausen denne sjåføren hadde hatt på ein slik periode var seks timar og åtte minutt, seier Gausdal.

Skjer oftare enn ein skulle tru

Vidare hadde sjåføren hatt pausar på sju timar og fem minutt, og i det verste tilfellet, som var ein 35 timars periode, var lengste samanhengande pause på tre timar og 43 minutt.

– Ut frå dei sjåførkorta som er her, er det også operert med ein annan sjåfør. Men døgnkvil skal takast medan køyretøyet står i ro, og ikkje er i rørsle. Det har ikkje vore tilfellet her, og då ryk han på det, seier Gausdal.

Han legg til at slike brot på kviletidene dessverre skjer oftare enn ein kanskje trur.

– Vi kjem over slike tilfelle fleire gonger i veka. Kanskje ikkje fullt så grove som denne, men både bruk av fleire kort og lang køyretid, skjer ofte, seier Gausdal.

Har kniven på strupen

Han seier at sjåførane ofte er mellom borken og veden.

– Viss dei held seg til gjeldande reglar, så kan dei kanskje risikere å ikkje ha jobb lenger. Sjåførane har kniven på strupen frå sine leiarar. Det er tidsfristar og kontraktar med så låg lønnsemd at dei må gjere det, seier Gausdal.

Han legg til at dei som bestiller transport burde vere meir medvitne på meir enn prisen.

– Dei burde også tenkje på kvaliteten på korleis dette vert gjennomført. Det er eit moralsk ansvar. Dei færraste ønskjer å møte ein sjåfør som sovnar bak rattet, seier Gausdal.