Hopp til innhold

Sjåarsuksess for Skåla Opp

Nesten 1800 menneske fekk testa kreftene i motbakkeløpet Skåla Opp laurdag. Dagen etter benka 477.000 sjåarar seg framfor TV-en for å oppleve det som blir kalla Nord-Europas tøffaste motbakkeløp fanga på film.

Vinnar Jonathan Wyatt på Skåla Opp 2013

SJÅ PROGRAMMET: 477.000 sjåarar benka seg framfor tv-en for å oppleve eventyret Skåla Opp søndag kveld. Lenger nede i saka finn du lenke til NRK nett-tv der du kan sjå heile programmet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Dette er sjåartal vi er veldig nøgde med, seier distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen om sjåarsuksessen Skåla Opp som vart vist på NRK1 søndag kveld.

Med nær ein halv million sjåarar er programmet om motbakkeløpet det sjette mest sette på norsk tv sist veke. Marknadsdelen er på heile 34,6 prosent.

– Veldig kjekt, seier Sanne-Gundersen.

– Spesielt fjell og spesielt løp

Rolf Sanne-Gundersen

GODT NØGD: Rolf Sanne-Gundersen har god grunn til å gle seg over sjåartala til programmet frå Skåla Opp. Med 477.000 sjåarar er programmet det sjette mest sette på norsk tv sist veke.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Motbakkeløpet Skåla Opp såg dagens lys i 2002 og har år for år vakse seg stadig større. I årets utgåve var det 720 personar som fullførte i konkurranseklassen, medan 1070 personar tok seg til topps i trimklassen.

Løpet startar berre 28 meter over havet ved Tjugen i Loen, og løparane må deretter ta seg opp til Skålatårnet som ligg på 1848 meter over havet.

Store delar av løpet byr naturen på storslått utsikt, og det er ikkje tvil om at dei som er med får seg eit minne for livet.

Sanne-Gundersen seier NRK lenge har snakka om å lage eit tv-program frå Skåla Opp.

– Dette er jo eit spesielt fjell og eit spesielt motbakkeløp. I år bestemte vi oss for å prøve, og det kan vere aktuelt å gjere det same frå andre arrangement i Sogn og Fjordane. Vi har nok å ta av, seier distriktsredaktøren.

(Artikkelen held fram under)

Created by InfoDispatcher

Redigerte på rekordtid

I alt har ti personar vore i sving i samband med tv-programmet.

– Vi var stasjonerte i målområdet, to plassar undervegs og på toppen. I tillegg følgde reporter Arve Uglum næringslivsleiar Rolf Domstein frå start til mål.

Dei første mosjonistane starta vegen opp Skåla klokka 07, medan startskotet for konkurranseklassa gjekk klokka 10.00. I år var det Inger Liv Bjerkrem Nilsen som var beste kvinne opp med tida 1.23.40, medan Jonathan Wyatt vann herreklassen med tida 1.09.39.

Det vart ikkje sette nye rekordar i nokon av klassane, men ingen kan seie at det ikkje gjekk fort i løypa. Fort gjekk det også på redigeringsrommet, der NRK sine utsende jobba hardt for å få på plass ei program i tide.

– Redigeringa skjedde i Førde på rekordtid, og Terje Gilleshammer og Ole Andre Rekkedal har gjort ein formidabel jobb med å sy saman programmet.

– Tekniske problem gjorde at vi var nære ved ikkje å få programmet på lufta, men det gjekk bra heldigvis, seier Sanne-Gundersen.

Gler seg over tilbakemeldingane

Og mange ville ha med seg det vel 29 minuttar lange programmet frå motbakkeløpet.

– Forklaringa på at slike program er populære er rett og slett at motbakkeløp er populært. Det ser vi ikkje minst i Skåla opp med ny deltakarrekord i år.

– Dessutan er Skåla opp eit heilt spesielt fjell og motbakkeløpet av dei lengste og tøffaste, seier Sanne-Gundersen.

– Vi har fått veldig mange positive reaksjonar frå folk som har sett programmet. Særleg kombinasjonen av sprekingar som deltek heilt opp til vanlege menn og kvinner som slit seg 1848 meter opp.

Resten av løpet kan du sjå på NRK1 klokka 20:15 i morgon!