Hopp til innhold

Over ein halv million sjåarar følgde Fjellfolk

Første episode av serien Fjellfolk hadde 539 000 sjåarar. No pustar skaparane av serien letta ut.

Sesongpremiere! Norsk dokumentarserie om mennesker som lever i, for og av fjellet. Vi kryssar Jostedalsbreen, prøver å fly paraglider sjølv om vinden ikkje spelar på lag, ser fjellbonden få ansvar for nye liv og møter Oskar som berre vil skate medan familien vil på fjelltur.(1:6).

Her kan du også sjå første episode av Fjellfolk.

– Vi var veldig spente på fjernsynsvanane til folk. Det har endra seg ein del frå første sesong, seier Torje Bjellaas og Arve Uglum, som står bak serien.

Sjåartala syner at framleis benkar folk seg framfor fjernsynsapparata. Første del av sesong to vart sett av 539 000 sjåarar, og var det åttande mest sette programmet i løpet av sist veke. Bak seg på lista har dei mellom anna TV2-satsinga «Jakten på kjærligheten» og NRK-programma «Lindmo», «The Hit» og «Forbrukerinspektørene».

– Det er veldig bra, og vi er jo spanande å følgje med på korleis det blir med sjåartala på nett. Sidan det berre har lege ute ein dag, så er det litt tidleg å sjå korleis dei tala blir, seier Uglum, som seier han sjølv var eit nervevrak då episoden vart sendt.

Glade for å dele historiene med heile landet

Serien går over seks episodar, og har sendetid søndagar 20.05. Den første sesongen hadde gode sjåartal, og kvar episode der vart samla sett av kring ein million sjåarar.

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, er også imponert over dei gode sjåartala etter første episode.

– Torje og Arve tek oss med inn i ei spennande verd og fortel historiene til desse fjellfolka på ein heilt spesiell måte. At dette når ut til langt over ein halv million menneske på ein søndagskveld er svært gledeleg.

For serieskaparane sjølve var det godt å vise fram det dei har halde på med i lang tid.

– Først og fremst så er det godt å sjå at det var noko folk likte, at det gjekk heim hjå folk. Det er utruleg herleg, og eg er veldig glad for at alt arbeidet ikkje har vore vekkasta. Så håpar vi at enno fleire oppdagar serien og følgjer med. Eg trur det blir enno meir liv i serien framover og at programmet blir enno betre, seier Uglum.