Hopp til innhold

Sjå, no har Sogndal blitt bortelag

Etter fem serierundar toppar Sogndal klart bortetabellen i eliteserien.

Bortetabell eliteserien

SUVERENE: Sogndal og Henrik Furebotn er det desidert beste bortelaget i eliteserien så langt i sesongen.

Foto: Rune Fossum/Skjermdump NRK.no / NRK

Sju poeng er innkassert på tre bortekampar, 4–0 mot Odd Grenland, 0–0 mot Rosenborg og 2–0 mot Vålerenga. Nærast fylgjer Hønefoss og Rosenborg med fire poeng. Desse to laga har rett nok berre hatt to bortekampar.

Samstundes er Sogndal nest sist på heimetabellen med to poeng etter uavgjort 0–0 mot Hønefoss og 1–1 mot Haugesund.

Tidlegare var dei gjerrige...

Dermed er det vi er vande med snudd på hovudet. Rett nok har ikkje Sogndal tapt på heimebane, men poengfangsten blir ikkje den heilt store med berre uavgjortresultat.

Det er kanskje litt tidleg å trekkje for bastante konklusjonar etter berre fem serieomgangar, men mykje tyder på at Jonas Olsson har gjort noko med måten laget opptrer på når dei spelar på bortebane.

Der Sogndal i tidlegare sesongar i eliteserien har framstått som i beste fall eit gjerrig lag som ikkje har våga å tru på noko betre enn 0–0 så har det vore noko heilt anna i dei tre bortekampane til no i år.

– Har fått meir tru på oss sjølve

Henrik Furebotn, som fungerer som kaptein når Eirik Bakke ikkje spelar frå start, stadfestar at det har skjedd noko med tryggleiken i laget.

– Vi har meir tru på oss sjølve. Jonas Olsson har tilført oss ein positiv giv, han får alle til å tru på at vi kan vinne mot kven som helst. Alle jobbar for kvarandre, vi jobbar på kvar ball.

– Sjå berre på Eirik Skaasheim: Han hadde aldri spela høgreback før, og det ser ut som han aldri har gjort noko anna, seier Furebotn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heimetabellen eliteserien

No ventar seriemeister på heimebane

Furebotn gjekk sjølv føre med eit godt eksempel på dette då Tonny Brochmann sette inn 2–0 mot Vålerenga fredag kveld. Årdølen fekk kjempa ballen inn i feltet der dansken fekk ballen åleine med keeper.

Og no er det på tide å avansere på heimetabellen og. Med to poeng heime er det berre Stabæk som har dårlegare heimeutteljing. Fjorårets gullvinnar Molde er motstandar på Fosshaugane Campus laurdag kveld.

– Ja, det er på tide med ein trepoengar heime.

Det står ikkje til å nekte at dei to heimekampane så langt er dei kampane der Sogndal har imponert minst. Furebotn meiner det dårlege Fosshaugane-graset må ta litt av skulda for det.

– Det er langt frå optimalt. Det ser sikkert dumt ut av og til når vi bommar på tilsynelatande enkle pasningar.

Flo: – Ja, vi er tryggare

Men sportsleg leiar Håvard Flo meiner grasmatta på Fosshaugane no utviklar seg bra og ikkje skal vere noko hinder for å ta tre poeng mot Molde.

Han stadfestar det inntrykket folk har fått av at Sogndal no er eit mykje tryggare lag.

– Eg trur ikkje det har så mykje med heime- og bortebane å gjere. Det er klart at det er på bortebane vi har fått det best til. Men både heime og borte er vi eit meir offensivt og positivt lag, fordi vi har typar i laget som vil spele fotball og som har ei offensiv legning. Har vi sjanse til ein overgang så brukar vi den utan å vere redd for at det skal straffe seg, seier Flo.

Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

TRYGGARE: Trenarteamet til Sogndal er nøgd med seriestarten.

Foto: Øystein Fossum