Hopp til innhold

Sjå, ein lokal alpinist på toppen - igjen!

JØLSTER (NRK.no): Åge Solheim (18) er tydelegvis kommen i toppen for å bli. Laurdag vann han sitt andre FIS-renn i slalåm på ei veke.

Åge Solheim på toppen av sigerspallen

BEST: Åge Solheim kom til FIS-rennet i Bjørkelia for å vinne - og klarte det. Her er nordfjordingen øvst på sigerspallen, medan Oskar Rosberg Vøllo og Armand Marchant frå Belgia må ta til takke med dei neste plassane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– No er eg veldig nøgd og glad. Dette har vore ein bra dag, smiler Åge Solheim.

Han køyrde ned til ein suveren siger i FIS-rennet i Bjørkelia. Etter første omgang leia han med fattige 0,07 sekund, men då status vart gjort opp etter den siste omgangen hadde 18-åringen nesten halvsekundet ned til næraste utfordrar.

Det er samstundes den andre sigeren hans i FIS-samanheng. Den aller første kom i Sverige for berre ei veke sidan.

Alpintkometen frå Stårheim har verkeleg fått sving på sakene den siste tida.

– Det har vore ein veldig stor opptur – og vanvittig kjekt. Det ligg mange treningstimar bak, så det er veldig kjekt å få betalt for det, seier Solheim.

Har jobba målretta og tolmodig over lengre tid

FIS-rennet i Jølster samla 96 løparar i guteklassen og 55 løparar i jenteklassen. Bak Solheim på lista var det utøvarar frå både Norge, Belgia og Island.

Nede i målområdet stod ein spent trenar og venta på eleven.

– Det var veldig spennande. Han har jo ikkje erfaring med å liggje øvst etter førsteomgang, seier Rolle Johansson til NRK.no.

– Men han har tydelegvis hovudet på rett plass...?

– Ja, han har det. Åge har jobba målretta og tolmodig over ein lang periode, seier trenaren.

Åge Solheim får gratulasjonar etter sigeren

GRATTIS: Åge Solheim fekk - som seg høyr og bør - mange gratulasjonar etter sin andre FIS-siger på ei veke.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur eleven har komme i toppen for å bli

For det er ikkje tilfeldig at Solheim no får vist kva han er god for. Nordfjordingen har drive med alpint så lenge han kan hugse. Og han har dei siste åra vore seriøs i arbeidet med å bli så god som mogleg.

No går han sisteåret på NTG Lillehammer, der Johansson er trenar.

– Det at han vinn to renn på berre ei veke viser kva nivå han er på. Det er ikkje tilfeldig, seier svensken.

Han forklarer:

– Om du vinn eitt renn og ramlar tilbake til 20. plass neste gong – då er det tilfeldig. Men det gjer ikkje Åge. Han har komme i toppen for å bli.