Georg Olafr Reydarsson Hansen er sjølvutnemnd vikinghøvding og var med å starte marknaden for tretten år sidan.
– Målet er å presentere norsk kultur slik den var for tusen år sidan, seier han.
Les også:
Les også:
I Gudvangen kan folk oppleve alt frå mat- og handverkskultur, musikk og idrett. Kvart år strøymer folk til frå heile verda, både for å sjå og oppleve sjølve korleis vikingane levde.
Hansen trur det er mange suksessfaktorar som gjer at folk kjem tilbake år etter år.
– For det første har vi den vakraste naturen i heile verda. I tillegg er vi kjent for å vere ein koseleg marknad for heile familien. Av dei 360-70 vikingane som er her, så er det nesten hundre ungar, seier han.