NRK Meny
Normal

Sjå vikingane erobre Gudvangen

GUDVANGEN (NRK): Notida blir parkert når 400 personar samlar seg til Vikingmarknad i Gudvangen. I fire dagar skal folk frå 18 nasjonar leva som for tusen år sidan.

Notida blir parkert når 400 personar samlar seg til vikingmarknad i Gudvangen. I fire dagar skal folk frå 18 nasjonar leva som for tusen år sidan.

VIKING FOR FIRE DAGAR: I Gudvangen lever folk vikinglivet i fire dagar til endes. Sjå dagens TV-sak. (Video: Stine Kyrkjebø Johansen, reporter: Vidar Gudvangen)

Georg Olafr Reydarsson Hansen er sjølvutnemnd vikinghøvding og var med å starte marknaden for tretten år sidan.

– Målet er å presentere norsk kultur slik den var for tusen år sidan, seier han.

Les også: Desse vikingane kuppa kommunestyret
Les også: Hadde smedgrav frå vikingtida i hagen

I Gudvangen kan folk oppleve alt frå mat- og handverkskultur, musikk og idrett. Kvart år strøymer folk til frå heile verda, både for å sjå og oppleve sjølve korleis vikingane levde.

Hansen trur det er mange suksessfaktorar som gjer at folk kjem tilbake år etter år.

– For det første har vi den vakraste naturen i heile verda. I tillegg er vi kjent for å vere ein koseleg marknad for heile familien. Av dei 360-70 vikingane som er her, så er det nesten hundre ungar, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast