Hopp til innhold

Sjå video: Så lite skulle til før dei løyste ut eit snøskred

På turen oppover Leirdalen i Jostedalen hadde turfølgjet allereie løyst ut eit mindre skred. Då bestemte dei seg for å fange dei ustabile snømassane på film.

SÅ LITE SKAL TIL: I kontrollerte former løyste turfølgjet ut eit mindre snøskred i fjellet i Leirdalen i Luster. Turfølgjet delte videoen på Facebook for å dele informasjon om skredfaren i dette området. VIDEO: Håvard Dahl Olstad.

– Vi ville prøve å løyse ut eit skred, men det var ikkje meininga at eg skulle bli dregen med nedover, seier Knut Petter Høgvoll.

Mobilvideoen som kameraten filma i fjellet i Sogn viser tydeleg kor store krefter som er i sving når snøen brotnar under skia på Høgvoll. Han og ein annan i følgjet går med litt ekstra tyngde i stega bortetter ei skråning. Så brotnar snøen under beina på Høgvoll.

Sekund seinare sit han med snø til brystet nokre meter lenger nede.

– Vi hadde gjort ei vurdering av at det ikkje ville vere farleg. Eg tenkte at det kom til å gå fint, men då eg såg snøblokker bak meg losne, skjønte eg at eg kom til å få snø på meg, fortel Høgvoll.

Ber folk vere obs på lokale forhold

Håvard Dahl Olstad, som filma videoen, seier folk må vere obs på at det er veldig forskjellige problemstillingar som gir skredfare i fjellet. Sjølv om det dei siste dagane har vore faregrad 3 over store deler av landet, er det ulike forhold.

I området der dei var, Jostedalen i Sogn, var det fokksnø som skapte farlege forhold i snødekket den dagen.

– Det fine og kalde vêret i påska danna eit skarelag på snøen. Seinare kom det nysnø, og det har danna seg kantkorn mellom skarelaget og snøen. I kombinasjon med fokksnø oppå det dekket, får du forhold der det er veldig lett å løyse ut skred.

Dahl Olstad meiner det viktigaste er at dei som ferdast i fjellet sjølve gjer vurderingar og har kjennskap til lokale forhold.

Vart overraska over kor lite som skulle til

Høgvoll reknar seg som ein erfaren skikøyrar og har gått mykje på ski i fjella rundt Sogndal der han studerer. Alle dei seks i turfølgjet hadde med seg skredsøkar, spade og søkestong.

Før turen oppover Leirdalen hadde dei orientert seg om snøskredfaren i området, som er på faregrad 3, og teke eit turval der dei tok omsyn til skredfaren. Etter å ha grave i snøen for å sjekke forholda tidlegare, visste dei at snøen var ustabil i området.

I eit eigna område testa dei det ut i kontrollerte former. Filmen var lagt ut på Facebook med hensikt å åtvare andre som ferdast i fjellet i dette området.

– Vi hadde vurdert det til at det var lite tilleggsbelastning som skulle til for å løyse ut eit skred.

– Vart du overraska over kor lite som skulle til?

– Ja, eigentleg.

Mildvêr aukar skredfaren

Håvard Thorset

VARSAM. NO: Håvard Thorset jobbar i varslingstenesta varsom.no som held folk oppdatert på skredfaren i ulike område.

Foto: Pål Hansen / NRK

Berre fredag ettermiddag har Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) aksjonert etter fire større snøskred.

Håvard Thorset ved Norges Vassdrags- og Energidirektorats (NVE) varslingsteneste varsom.no seier det er fleire grunnar til at det er farleg i fjellet akkurat no.

– Det har kome ein del nysnø og mykje vind det siste døgnet som gjer at det har lagt seg opp ein del fokksnø i leområde mange stadar. Denne er ustabil.

Fokksnø er snø som har blåst og lagt seg til ro på lesida av fjell eller fjellrygger. Frå før av ligg det eit svakt snødekke som ikkje toler å få så mykje meir vekt på seg. Det danna seg svake snølag tidlegare i vinter og i finvêret i påska.

– Det kjem også mildvêr frå søraust med stigande temperaturar som kan føre til våte skred i låglandet som kan losne av seg sjølv. Høgare i fjellet er fokksnøen den største utfordringa, og det er lett for skiløparar og løyse ut skred, seier Thorset.

Høgvoll har ei oppmoding til andre som skal gå i fjellet i Sogn den nærmaste tida.

– Eg ville ha halde meg unna alt av skredterreng og utløpssoner.