NRK Meny
Normal

Sjå video frå den splitter nye skiheisen

Idag kunne skifrelste over heile landet endeleg ta i bruk den splitter nye Sognaheisen ved Sogn Skisenter.

Sognaheisen opna den 20.desember. Heile 550 personar hadde møtt opp for å teste både heisen og løypene.

SJÅ VIDEO: Den nye heisen gir 60 prosent større areal å boltre seg på ved Sogn Skisenter. Foto/Redigering: Håvard Nesbø.

– Det har vore ein fantastisk historisk skidag i Sogn. Litt rusk i maskineriet til å begynne med er det jo alltid, men det har gått etter all forventning, seier styreleiar i Sogn Skisenter, Øystein Veum som no er glad dei er i gong.

Skisenteret på Hafslo i Luster fekk i sommar på plass den siste delen av finansieringa til det nye anlegget, og kunne endeleg ta det i bruk i dag.

Utruleg mykje folk har teke turen hit i dag, seier Veum som tippar det har vore rundt 550 personar på plass for å teste anlegget.

Skientusiastar frå både Molde, Bergen, Hemsedal, Oslo og Tønsberg og fleire andre plassar var innom anlegget i dag.

– Dette er folk som køyrer mykje på ski som seie vi kanskje har det råaste frikøyringsanlegget i landet når denne heisen er kome på plass.

Satsar på ski under juletreet

Øystein Veum

NØGD: Styreleiar ved Sogn Skisenter, Øystein Veum på toppen.

Foto: Håvard Nesbø

Den nye heisen opnar opp eit stort området kring fjellet Modvo. Løypetraseen er på heile seks kilometer i eit samanhengande løypenett.

Og det manglar ikkje på snø. På toppen er det over 1,5 meter og ein meter nedst i bakken. Veum trur ikkje dei kunne fått ein betre opning enn dette.

– Det har snøa som berre juling heile veka og i natt kom 15 nye centimeter, så det er draumeforhold rett og slett, seier han.

– Viss det ligg harde pakkar under treet i år, så får vi håpe det er ski, for det er i alle fall forhold til det, ler Veum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogn Skisenter

LUFTIG: Det er mange løyper å boltre seg i.

Foto: Håvard Nesbø

Ei god investering

Anlegget på Hafslo har så å seie vore uendra sidan det opna på 80-talet, men har no fått ny heis. Heisen er om lag 1200 meter som tar skikøyrarane med seg opp til nesten 100 meter over havet med blant anna utsikt mot Hurrungane og Jotunheimen.

– Dette er ein heis og løyper for alle med tøffe parti for vaksne, samt flotte familieforhold for dei yngre.

Det nye anlegget kostar kring seks millionar kroner, der fire av dei kjem i form av lån og stønad frå Luster kommune. Banken stilte med ein million, og resten kjem frå anlegget sin eigenkapital.

– Eg vil seie dette var ei god investering. Det ligg mykje timar med arbeid bak, og no er vi utruleg stolte.

– Årskort har det vore veldig godt sal på i dag, samt mykje klippekort og dagskort. Så det har vore utruleg mykje folk som har vore klare.

No har han ambisjonar om å få til tidenes sesong.

– Vi blir nok eit meir kjent og anerkjent anlegg når denne sesongen er omme, det er eg ikkje i tvil om, seier Veum.

Sogn Skisenter

I KØ: Mange ville teste den nye heisen i dag.

Foto: Håvard Nesbø

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.