NRK Meny
Normal

Runar filma lysglimtet frå verdsrommet som var synleg over heile Sør-Norge

Hobbyastronomen vart så glad at han såg stjerner då kameraet på taket hans fanga opp eldkula som var synleg som eit ekslosivt lysglimt over store deler av Sør-Norge onsdag kveld.

ASTROFILMAR: Runar Sandnes frå Breim er hobbyastronom og filma eldkula som kom gjennom atmosfæren over Valdres.

FILMA ELDKULE: Hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes frå Breim filma eldkula som kom gjennom atmosfæren. Her kan du sjå bileta i sakte kino.

Frå Stavanger til Nord-Møre og over Austlandet, sperra folk augene opp då ei eldkule lyste opp himmelen klokka 20.18 onsdag. Og for Runar Sandnes på Breim vart det jubel då han kunne konstatere at eldkula var fanga på film. I to sekund vart himmelen lyst opp av himmelsteinen si ferd gjennom atmosfæren.

– Eg har eit kamera montert oppe på hustaket som tek bilete kontinuerleg 24 timar i døgnet. Det har også rørslesensor som tek bilete om det skjer noko spesielt. Har også eit lite, veldig høgsensitivt videokamera som eg også set opp manuelt på utvalde dagar. Det gjorde eg tilfeldigvis i går, så det var jo flaks, fortel Sandnes.

Objekt frå verdsrommet

Han er ein del av Norsk meteornettverk, som er ein samling av hobbyastronomar og fagfolk som jobbar mykje med å registrere små og større himmelelement som kjem gjennom atmosfæren vår.

– Eg har jo vore interessert i astronomi heile livet, og har drive aktivt med det dei siste 15 åra. Så var vi ein gjeng som valde å lage eit meteornettverk for å koordinere arbeidet og få sett opp fleire slike kamera. Då kan vi også rekne oss fram til meir nøyaktige posisjonar, høgde, vinkel og hastigheit på det som kjem inn i atmosfæren, fortel Sandnes.

– Men kva var det folk såg onsdag kveld?

– Dei såg rett og slett eit objekt frå verdsrommet. Eg vil tippe det er ein stein på ein kilo eller ein knyttneve, det er litt vanskeleg å seie. Den har kome inn i atmosfæren vår i ein ganske bratt vinkel og som då har brent opp ganske kjapt. I løpet av eitt til to sekund er det heile over, då har steinen rett og slett fordampa.

Ildkule

OVER VESTLANDET: 5. november klokka 22.43 fotograferte Runar denne eldkula over Sogn og Fjordane.

Foto: norskmeteornettverk.no/ / Runar Sandnes

Kan ha kome nedfall

Mest truleg kom romsteinen gjennom atmosfæren nokre kilometer over fjellområda i Valdres, og det var i følgje Sandnes mest truleg eit lite objekt. Kanskje så stor som ein knytneve.

– Eg vil tippe at dersom det har kome ned noko, så er det små steinar på 20 til 30 gram, eventuelt litt større. Det er veldig vanleg, det blir registrert eit utal meteorar kvar einaste natt, men det går litt tid mellom dei verkeleg store hendingane. I Norge registrerer vi tre til fem slike i løpet av året, seier han til NRK.no.

Dei siste døgna har det vore fleire observasjonar av mindre himmellegeme som har brote seg gjennom atmosfæren i Sør-Norge.

– Dei siste døgnar har vi hatt tre hendingar som vi har ønska å granske nærare. Ved hjelp av ulike kameraposisjonar, så har vi kunne rekna oss fram til vinklar og kva deler av landet den har passert.

Kan kome store også her

Det siste året har ikkje minst meteoritt-nedslaget i Russland fått stor merksemd. Les meir om den dramatiske hendinga her. Sannsynlegheita for at noko liknande kan skje i Norge er like stor som i til dømes Russland.

– Det er like stor sjanse å sjå dei verkeleg store ildkulene her som alle andre stader i verda, men to store objekt som dei som slo ned i Russland høyrer til det sjeldne.

– Men dette er ikkje noko du har lyst å få gjennom hustaket ditt?

– Nei, men eg kan godt få ein liten stein på hustaket eller på plenen. Det ville ikkje vore meg imot.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.