Hopp til innhold

Sjå vassdokketeater frå Førdefestivalen

Eit basseng fylt med varmt vatn utgjorde scena då eit noko uvanleg dokketeater frå Vietnam opptredde på Førdefestivalen i dag.

Førdefestivalen er i gong!

UVANLEG INNSLAG: Førdefestivalen er kjent for å ha stor spennvidd i utvalet artistar. I år hadde dei òg funne plass til eit vassdokketeater frå Vietnam. (Video: Sindre Sunde Tveit/NRK)

Den tjuefemte utgåva av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er i gong, med talent frå heile verda. Eit av dei meir spesielle innslaga i år vart framført på torget ved Rådhuset.

Thang Long Water Puppetry er ei artistgruppe festivalen har prøvd å få tak i lenge. Dei representerer ein eldgamal tradisjon frå 1100-talet, som berre finst i Vietnam.

Publikum på Førdefestivalen
Foto: Jostein Vedvik / NRK

Tusenvis av liter vatn gjekk med for å fylle bassenget som utgjorde scena for førestillinga. Og arbeidet vart utført av det lokale brannmannskapet.

– Vi er borte i mange rare oppdrag, men denne var ny, seier Bernhard Øberg, leiar i Førde Brann- og feiervesen.

Under førestillinga verkar dokkene å leve sitt eige liv i vasskorpa. I staden for avslørande trådar, blir dokkene her styrt via bambusstokkar som er skjulte for publikum.

– Folk er nok veldig nysgjerrige på korleis vi kontrollerer dokkene, seier Ngyen Thi Bich Ngoe i Thang Long Water Puppetry.

Heile atten personar var i sving i bak scena for å skape mystikken.

– Eg trur det er difor at vårt tradisjonelle dokketeater er spanande for alle, både vaksne og barn, seier Phan dang Long.

Førdefestivalen byr på talent frå heile verda. Her eit vietnamesisk dokketeater.

KUNST: Den vietnamesiske dokkekunsten har eldgamle tradisjonar. Her blir dei vist fram for eit nysgjerrig publikum i Førde. (Video: Jostein Vedvik/NRK)