NRK Meny
Normal

Sjå vårt første fotballstudio

Den første utgåva av NRK.no sitt nye «Fotballstudio» er klar. Sjå nett-TV der vi diskuterer Sogndal Fotball og seriestarten i andredivisjon!

Fotballstudio frå NRK Sogn og Fjordane. Gjestar i den første sendinga er assistenttrenar Tom Mangersnes og midtbanespelar Rune Bolseth i Sogndal. Vi har også med oss krinsleiar Robert Endestad, som mellom anna snakkar om seriestarten i andredivisjon.

Få med deg NRK Sogn og Fjordane sitt første fotballstudio. Arve Uglum, Kjell Arvid Stølen, Rune Bolseth og Tom Mangersnes er dei som mellom anna diskuterer Sogndal og seriestart i andre divisjon.

Måndag presenterte NRK.no det aller første programmet i nett-TV for lokalfotball. No kan du setje deg ned og få med deg diskusjonen når det måtte passe deg.

Programmet er leia av Kjell Arvid Stølen. Han har med seg NRK-kollega Arve Uglum som programleiar.

Gjestar i den første sendinga er assistenttrenar Tom Mangersnes og midtbanespelar Rune Bolseth i Sogndal. Vi har også med oss krinsleiar Robert Endestad, som mellom anna snakkar om seriestarten i andredivisjon.

Programmet er teke opp før det vart kjent at Sogndal-spelaren Gustav Valsvik er teken i promillekøyring. Dette er difor ikkje tema i sendinga.

Vegopning på Bergum i Førde kommune