Hopp til innhold

Sjå utspørjinga av småpartia

Sist ut i utspørjinga til NRK Sogn og Fjordane var Kristent Samlingsparti og Kystpartiet.

Mindor Tonheim

Mindor Tonheim frå Kristent Samlingsparti blei spurt ut i siste utspørjinga.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Erlend Blaalid Oldeide

UTSPØRJAR: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kystpartiet stilte med andrekandidat Asbjørn Massnes. Han vart kjent førre val som einaste som dreiv valkamp utan mobiltelefon og internett.

Kystpartiet har forsøkt fleire gonger å kome til makta i Sogn og Fjordane utan hell. Partiet er blitt kalla det uekte avkommet til Senterpartiet og Framstegspartiet, med kamp mot sentralisering og iver etter å bruke oljepengar.

Kristent Samlingsparti stilte med pastor Mindor Tonheim. Partiet er nok ukjent for dei fleste. Dei seier dei går til val for å stoppe avkristninga i Norge.

Andre viktige saker for dei er ein restriktiv alkoholpolitikk, og ei omgjering av abortlova.

Desse skal i elden i utspørjingane

Her er heile lista over kor tid dei forskjellige partia møter i studio. Du kan også sjå utspørjingane i opptak:

Tysdag 23. august: Utspørjing Noralv Distad (Høgre)
Onsdag 24. august: Utspørjing av Marit Barsnes Krogsæter (V)
Fredag 26. august: Utspørjing av Trude Brosvik (KrF)
Måndag 29. august: Utspørjing av Norvall Nøringset (SV)
Onsdag 31. august: Utspørjing av Jenny Følling (SP)
Fredag 2. september: Utspørjing av Åshild Kjelsnes (Ap)
Måndag 5. september: Utspørjing av Frank Willy Djuvik (FrP)
Onsdag 7. september: Utspørjing av Gunnvor Sunde (Samfunnsdemokratane) og Ingunn Kandal (Raudt)
Torsdag 8. september: Utspørjing av Mindor Tonheim (Kristent Samlingsparti) og Asbjørn Massnes (Kystpartiet)