Hopp til innhold

Sjå turen ned elva via hjelmkamera

NRK.no sette hjelmkamera på hovudet til ein av instruktørane til raftarane i Jostedalen. Her kan du sjå resultatet.

Rafting i Jostedøla, minutt for minutt med hjelmkamera.

HJELMKAMERA: Rafting i Jostedalen. Foto: Heidi Lise Bakke. Redigering: Steinar Lote

Jostedalen er ein god og krevjande stad å drive med slike aktivitetar, seier Anda Cullens til NRK.no.

Han er mannen bak verksemda Icetroll, som tilbyr rafting, kajakkturar og isbrevandring i Jostedalen.

NRK Sogn og Fjordane vitja dalen i samband med ein reportasje. Med hjelmkamera på hovudet til instruktøren sikra fotografen seg flotte bilete frå raftinga.

Har hatt stor pågang i sommar

– Dette blir feitt. Spennande, men skummelt, kommenterer Ingrid Madsen og Shantal Baines før dei set seg i gummiflåten som skal ta dei nedover stryka i Jostedøla.

Sjølv har Cullens og medhjelparane hans opplevd uventa stor pågang til raftinga denne sommaren.

– Det har vore fantastisk så langt. Vi har hatt mykje vatn i vår og sommar, ettersom det var mykje snø i fjellet i vinter. Så vi har hatt mange spennande turar, seier den daglege leiaren.

– Stort sett seier folk at dei gjerne vil prøve igjen så snart som råd, seier instruktør Aaron Theberge til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Andy Cullens, dagleg leiar Icetroll

STOR PÅGANG: Andy Cullens og verksemda Icetroll tek imot mange som vil rafte i Jostedalen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Freista til meir rafting

Nokre intense minutt seinare er dei to båtane igjen på land. Turen har tydelegvis gjeve meirsmak.

– Det var ikkje så skummelt som eg trudde. Det gjekk faktisk veldig fint, seier Madsen og Baines.

– Kan de tenkje dykk å prøve igjen?

– Ja. Men då vil eg ha ei skumlare elva. Dette var litt mildt, ler Madsen.