Hopp til innhold

Balestrand tek imot sommarbåten med folk og flagg - send oss dine bilete du også!

No har NRK sin sommarbåt m/s Sjøkurs lagt til kai i Balestrand. Vi vil veldig gjerne at du sender oss dine bilete!

Sommarbåten Balestrand

LA TIL KAI: No har sommarbåten lagt til kai i Balestrand. No skal det gjerast klar til Sommaropent-sending i kveld.

Foto: NRK

Direkte på NRK1 har m/s Sjøkurs direkte kurs mot Balestrand, der det var venta at skipet skulle legg til kai seinast klokka 13.30.

NRK1 si direktesending kan du også sjå direkte ved å trykke på linken under:

NRK TV - NRK1 - Direkte

Frå klokka 14.00 kan du og følgje vår utereporter Birger Meland, som rapporterar direkte frå Balestrand i vår dagsending.

Vi ønskjer oss også at du sender oss dine bilete, både frå sommarbåten si vitjing her i fylket, men også av alt det du sjølv set i samband med sommaren!

Dette kan du gjere på ulike måtar, til dømes på MMS med kodeord SF til 1987.

Men du må gjerne bruke Instagram med emneordet #nrksommer. Då må du også hugse å leggje inn "geotagging", altså kvar du tek biletet. Legg du til emneordet #nrksf - så blir vi veldig glade!

Sommarbåten sommaråpent

UTOVER FJORDEN: m/s Sjøkurs har no stø kurs innover fjorden mot Balestrand. Her utsikta akterut.

Foto: tv.nrk.no
Sommarbåten

TIL BALESTRAND: Langs heile leia frå Fedje til Balestrand i dag har folk følgd med reisa til m/s Sjøkurs.

Foto: NRK