NRK Meny
Normal

Sjå sommar-snømannen

Ein heilt vanleg snømann, tenker du kanskje. Men sjekk kalenderen – denne snømannen har bursdag 10. august.

Snømann 10. august, Fanaråkhytta

HÆ? Denne snømannen er ein skikkeleg rotekopp, og dukka opp i heilt feil årstid. Men hyttevert Veronika Wiese synest det er heilt i orden.

Foto: Åsne Kvalsnes

– Det er ein stor kontrast frå sommar i Oslo. Men eg var budd på at det kom til å vere lave temperaturar, seier Veronika Wiese som er hyttevert på Fannaråkhytta.

Ved Norges høgstliggande turisthytte er det snø til anklane og lite som minner om sommar. Sist natt var det fem minusgrader utanfor hytta.

– Det er faktisk heilt kvitt utanfor vindauget, og no har tåka letta så vi har sikt til fjella rundt. Det er heilt fantastisk, sidan det er i august, seier hytteverten.

Skremmer ikkje turistane

2016 er eit kanonår for fjellturistar og fjellfolk let seg slett ikkje skremme av at det snør i fjellet. Veronika Wiese fortel at folk heller ser på det som eksotisk at det er snø i august.

Derfor er det nok av arbeid for vertskapet på turisthytta på 2068 meter over havet.

– Det er bra med besøkande likevel. Dei siste par dagane har det vore litt færre gjestar her, men sist veke var vi over 60 fleire dagar på rad, og i dag kjem det 22 personar over breen, seier Wiese.

​Kortvarig glede

Slik er utsikta frå Fannaråken 2068 m.o.h.

UTSIKT: Slik såg det ut på Fannaråken i august i fjor. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Dei som vil oppleve augustsnø må vere raske til å komme seg op i fjellet, for vinteren kjem nok ikkje til å vare så mykje lenger. Dei neste dagane kjem det til å bli varmare igjen, og då vil det meste av nysnøen smelte bort.

Det er dårleg nytt for velkomstsnømannen utanfor Fannaråkhytta, som snart vil angre på at han var så tidleg ute. Kanskje prøver han seg igjen litt utpå hausten.

Fannaråkhytta

HYTTEFRUKOST: Slik såg det ut på Fannaråken då Maria Åsheim førebudde frukost til gjestane sist helg. Det var før august-vinteren for alvor sette inn.

Foto: Åsne Kvalsnes
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast