Sjå Sogndal mot Brann her

Tredje runde i NM. Sogndal mot Brann. Dei mest nostalgiske av oss håpar på same NM-dramatikken som i finalen i 1976. Den gongen tapte Sogndal 2–1 for Brann. Skal det gå betre for Sogndal i morgon? Dei er både underdogar og i medvind, og mange har sikra seg billett til kampen som går på Fosshaugane Campus. I samband med cup-oppgjeret har NRK-kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane samsending på radio frå klokka 14.03. Og kampen kan du sjå direkte på nrk.no/sf frå klokka 17.50!

Sogndal mot Brann i 2017
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix