Hopp til innhold

Sjå siste episode av Fjellfolk

I kveld er det klart for aller siste episode av Fjellfolk. Sigrid prøver å vende tilbake til staden der friluftsinteressa hennar starta, men vegen er kronglete.

Sigrid Henjum

EVENTYRAREN: Sigrid Henjum er ei av dei som er med i serien Fjellfolk på NRK1.

Foto: Arve Uglum/Torje Bjellaas / NRK

Andreas er i arbeid att etter pappapermen og Kjell konkurrerer med ein rev om rypene. Katja tek med Svenja på eventyrreise i vinterskogen, medan Solbjørg endeleg får flytte til fjells att for vinteren.

Den fjerde og siste episoden i serien blir sendt søndag klokka 20.30 på NRK1. Du kan også sjå alle episodane i nett-TV.

Treng vidder og fjell

I serien Fjellfolk møter vi menneske som ikkje skil seg så mykje frå den jamne nordmann, men som treng fjell, vidder og luft rundt tankane for å kjenne at livet er godt.

I serien møter vi fire personar og ein familie i kvar episode. Nokre av dei lever av å vere i fjellet, andre lever berre for det. Vi følgjer dei frå seinsommar til vinter, gjennom utfordringar, uver, små gleder, store adrenalinrush og slåande naturopplevingar.

Dei som er med:

  • Kjell Nyøygard (41) – Reinsgjetar, fjellførar og jeger med eit livslangt kjærleiksforhold til Jotunheimen og heimefjella sine i Lom.
  • Sigrid Henjum (28) – kajakkpadlar, klatrar, skiløpar, kokk, jeger og eventyrar. Likar å leike der er kaldt, bratt, høgt og luftig.
  • Solbjørg Kvålshaugen (46) – hjarte, sjel og vertinne på turisthytta Fondsbu på Eidsbugarden.
  • Familien Krüger/Getsch – Ralph (40), Katja (38), Ronja (10) og Svenja (4) har flytta til Norge frå Tyskland på leiting etter frisk luft og det gode liv. Dei meiner dei har funne det.
  • Andreas Haslestad (38) – ein av norges mest etterspurte førarar på fjell, snø og bre. Familiemann som gjer det han kan for å vere ein god far i eit omflakkande tilvære.