Hopp til innhold

Sjå SIL-spelarane i vill jubelrus

– Det var om mogleg endå større stemning enn då me rykte opp i 2010. Det seier Rasmus Mo om jubelen i garderoben etter at ny eliteseriekontrakt var sikra.

Etter 2-0 sigeren mot Brann, var det stor stemning i garderoben til Sogndal. Sigeren betyr at Sogndal kan halda fram med Tippeligaspel, også i 2013.

SJÅ VIDEO: Stor stemning i garderoben til Sogndal etter fornya Tippeliga-kontrakt. (Video: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball)

– Det handlar vel mest om at vi greidde noko som mange trudde vi ikkje kom til å greia.

Rasmus Mo, marknadssjef og mentor i Sogndal Fotball, fortel at den gode kjensla frå søndag framleis sitt godt i.

Med 2–0 siger over Brann, sikra Sogndal vidare spel i Tippeligaen neste sesong.

– Det å klara å halde seg i Tippeligaen med dei føresetnadene som vi har. Det er vi svært stolte over.

Som videoen syner var stemninga elektrisk i Sogndal-garderoben, og høge jubelrop ljoma i gangane på Fosshaugane Campus.

– Det er vanskeleg å samanlikne med andre suksessopplevingar, men det er klart; denne kampen var den viktigaste i sesongen og det var ekstremt kjekt å lykkast, fortel ein engasjert Mo.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Sogndalspelarane takkar publikum.

STOR STEMNING: Jubelscener var det også utafor garderoben.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Har byrja å sige inn

I dagane etter sigeren har det sakte men sikkert sige inn for Mo kor viktig det var at Sogndal heldt seg på det øvste nivået i norsk klubbfotball.

For ny tippeligakontrakt betyr ikkje berre suksess for fotballklubben, men også for næringslivet i regionen.

Mo seier han er svært stolt over å jobba med fotball i eit fylke som Sogn og Fjordane.

– Vår suksess er ofte tufta på at me har eit godt samarbeid med dei andre fotballklubbane i fylket og eit truverdig forhold til næringslivet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Målscorarane Ørjan Hopen og Ulrik Flo.

MÅL: Scoringane til Ulrik Flo og Ørjan Hopen sikra ny kontrakt i siste kamp for sesongen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tek kampen på fotballbana

Sogndal har det minste budsjettet av alle laga i eliteserien. Men heimearenaen Fosshaugane Campus er ferdig med sitt siste byggjesteg og kunstgras vart lagt midtvegs i sesongen.

Mo meiner difor sjansane er større for å bli verande i toppdivisjonen over lenger tid.

– Eg tenkjer, kvifor ikkje? Som alt anna i livet, øving gjer ein betre. Det verste ein gjer er å tenka at ein ikkje er god nok, seier han.

Med kampar mot lag som Rosenborg, Brann og Vålerenga, forklarar Mo kva det er viktig å fokusera på i møte med ressurssterke klubbar:

– Når me møter dei til kamp så er det viktig å fokusera på kva me skal kjempa med dei om. Og det er ikkje å få like stor administrasjon eller økonomi. Det er å kjempa om 3 poeng, avsluttar Rasmus Mo.