NRK Meny
Normal

Sjå Sigurd (16) sitt lange skidropp

Sigurd Ask hadde dvelt lenge nok. Onsdag kasta han og kompisane seg utfor eit 12 meter høgt stup.

Sigurd Ask hoppar

HØGT: Slik såg det ut då Sigurd Ask droppa 10–12 meter utfor eit stup. Sjå video frå kamera på hjelmen. Filmen stoggar då han treff bakken.

– Vi brukte litt tid på å finne ut om det gjekk an å droppe der eller ikkje, og om snøen var stabil nok i unnarennet og ovarennet. For det er ganske bratt både over og under droppet, fortel Sigurd Ask (16) frå Sogndal.

Onsdag torde han og kompisane Fredrik Solnes Dahle (22) frå Hafslo og Mikkel Nygaard Løken (17) frå Oslo det dei hadde gått og fundert på ei stund. Hoppe, eller droppe som det heiter på skispråket, utfor eit 10–12 meter høgt stup like ved Sogndal skisenter.

Sigurd Ask

DROPPA: Sigurd Ask (16).

Foto: Privat frå Facebook

– Eg har fundert på det i eit år no. Og eg bestemte meg for endeleg å gjere det i går, då det var gode forhold, seier Ask.

– Kvifor?

– Eg hadde berre lyst til å sjå om det gjekk an. For stupet ligg ganske spesielt til. Eg driv med frikøyring, og har stått på ski heile livet, men har aldri droppa frå ei slik høgde, seier 16-åringen.

Risikabelt

– Kva tenkte du då du sette utfor stupet?

– At no er det alt eller ingenting. Når du set utfor tenkjer du ikkje så mykje. Du må sperre alle tankar ute. Men det var eit godt magasug, og eg lurde på korleis eg skulle lande.

– Var det farleg?

– Jo, ganske risikabelt, for det kan utløyse skred både i unnarennet og i ovarennet. Men snøen var stabil. Og eg kan risikere å lande feil. Så eg måtte rekne ut kor mykje fart eg trengde, for det må hoppast langt ut for å lukkast.

– Sidan det var farleg, kvifor gjorde du det då?

– Eg likar å leva litt på kanten. Eg likar adrenalinet.

– Kva kunne gått gale?

– Viss eg gjekk feil ut, kunne eg ha landa på magen eller på nakken, seier Ask, som har stått på ski i mange år alt, og er blitt ein driven frikøyrar.

– Du kan godt kalle meg ein skiboms, seier Sigurd.

Filma droppet

– Gav droppet meirsmak?

– Tja ... eg er litt usikker. Dette er jo ikkje slikt ein gjer til dagleg. Men ski er den store lidenskapen, seier Sigurd.

Han filma droppet med kamera på hjelmen. Du kan sjå droppet ved å klikke på bildet øvst i saka.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå