Hopp til innhold

Sjå redningsmannskapet sine eigne bilete frå evakueringa

Redningshelikopteret frå 330 skvadron i Florø evakuerte onsdag 17 personar frå Flåm. Aksjonen vart filma frå helikopteret og frå eit hjelmkamera på ein av redningspersonane. Sjå videoen her!

Onsdag vart 17 menneske evakuerte i Flåm. Her kan du sjå bileta som 330 skvadron sjølve filma frå aksjonen

DRAMATISK: Onsdag vart 17 menneske evakuerte i Flåm. Her kan du sjå bileta som 330 skvadron sjølve filma frå aksjonen.

Dei 17 personane vart henta ut klokka 14 i går. Då hadde dei vore isolerte på Ryo og Indrelid i Flåmsdalen heile natta, utan veg og straum.

Helikopteret frakta dei til Aurland, der dei i første omgang vart tekne hand om i Røde Kors-bygget.

Med det kom talet evakuerte i Flåm opp i 160 personar.

I dag opnar vegen i dalen og 40 husstandar kan flytte tilbake.

Nedanfor kan du sjå NRK sin eigen reportasje frå dramaet i Flåm.

Det skjedde så fort