Sjå redaktøren og ordføraren ta barten

Etter ein månad med viktig merksemd om menn sine helseproblem og god humor, var både Firda-redaktør Yngve Årdal og Førde-ordførar Olve Grotle glade for å kvitte seg med barten i dag.

Redaktør i Firda, Yngve Årdal og ordførar i Førde, Olve Grotle, tek sin movember-bart direkte i morgonsendinga.

VIDEO: No forsvinn bartane. Foto og redigering: Stine Kyrkjebø Johansen.

– Firda har forsøkt å skape blest om «movember» ved å utfordre ein del menneske i Sunnfjord til å vere med på dette. Eg stilte opp for å støtte ei god sak, og eg meiner vi har skapt blest, seier Yngve Årdal.

«Movember«, ei blanding av den australske slangen for moustache og månaden november, sett fokus på menn si helse, og spesielt prostatakreft. Over 20.000 har latt barten gro, og så langt er det samla inn over 7,3 millionar kroner i Norge – femte mest i verda.

Førde-ordførar Olve Grotle lèt også barten gro. Og det gjorde han med glede.

– Dette er ei god sak. Det har vi opplevd. Dei første vekene var det mange som tok opp og diskuterte dette temaet, seier Grotle.

  • Sjå dei to ta barten i NRK morgonsending i videoen øvst i saka.

Men så vart det humor

Yngve Aardal og Olve Grotle

LIKE FØR: Yngve Aardal og Olve Grotle har gått ein månad utan å barbere vekk barten. Men i dag skal det skje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Firda-sjefen vedgår at det kjem til å vere til stor glede på heimebane når han kjem heim utan bart i dag. Utanfor heimen har barten etter kvart skapt stor glede.

– Eg gler mange menneske no i desember, dei smiler så lurt til meg. Av ein eller annan grunn. Eg trur eg veit kva det er, ler Årdal.

Også Førde-ordføraren hevdar at det skal vere godt å kvitte seg med barten.

– Dei siste to vekene har folk eigentleg berre ledd, litt slik som du, seier Grotle til programleiaren.

Til og med kampanjekoordinatoren for Movember i Norge, Endre Aaberg Johansen, kvitta seg til stor glede for sambuar og barn med barten ved første høve når vi no går inn i julemånaden.

Men kven veit? Kanskje har dei alle tre eigentleg gått rundt med ein hemmeleg draum om å prøve ut bart? Det meiner i alle fall Johansen er tilfelle for mange av dei 20.000 som no har frustrert både koner og born.

– Eg trur mange menn inst inne har ein draum om å finne ut korleis dei ser ut med bart. Movember gir dei den moglegheita, og er det frikortet dei treng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olve Grotle fjernar barten

KLAR: Olve Grotle har funne fram barbermaskinen og gjer seg klar til å fjerne barten.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Største og dødelegaste kreftforma i Norge

Men midt i humoren ligg eit stort alvor.

Alle millionane skal gå til forsking på prostatakreft, for å finne betre metodar for å oppdage kreften tidleg, og gode måtar for å behandle seinskadar som lekkasjar og ereksjonsproblem.

– Movember har samla rundt 150 forskarar frå rundt 20 land. Her er det snakk om å bruke verdas fremste ekspertar for å få dei til å samarbeide og jobbe der det trengst mest. Det har gitt gode resultat, seier Johansen

Han fortel at 5000 menn vert råka av prostatakreft årleg, og at tre menn dør dagleg.

– Det er særdeles viktig at avisa Firda har skrive så mykje om movember. At folk som er synlege i lokalsamfunnet, som ordføraren og redaktøren, er med på aksjonen er svært viktig. Vi gjer det med humor, og det er viktig. Det senkar terskelen for å snakke om helseproblem, noko vi menn tradisjonelt ikkje har vore så flinke til, seier kampanjekoordinatoren, seier Johansen.

Yngve Årdal og Olve Grotle

VEKKE: Slik ser karane ut utan bart.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.