Hopp til innhold

Sjå ørna svømme med bytte i klørne

Då hurtigbåten MS Tansøy tok sin fyrste tur mellom Ortnevik, Måren og Noreide i dag tidleg fekk mannskapet sjå noko dei aldri tidlegare har sett.

Ei ørn la ut på svømmetur i morgontimane.

SJÅ: Ørna svømte minst 100 meter med fisken.

– Eg såg plutseleg noko i sidesynet og fekk tak i ein kikkert, fortel maskinsjef og fugleven, Eirik Elnes.

Langt ut på Sognefjorden mellom Måren og Noreide i Høyanger kommune såg Elnes ei ørn som svømte mot land.

Uroa for fuglen

Elnes

FUGLEVEN: Maskinistsjef på MS Tansøy, Eirik Elnes, vart svært overraska over synet som møtte dei i morgontimane.

Foto: Privat

Kapteinen på MS Tansøy førte hurtigbåten mot ørna medan styrmann og maskinsjefen stod på dekk å dokumenterte hendinga.

– Eg trur ørna svømte om lag hundre meter medan vi såg på, men den kan jo ha svømt lenger, fortel Elnes.

Fuglevenen vart uroa for at ørna var skada eller ikkje skulle greie å kome seg i land, så hurtigbåten, utan passasjerar, følgde fuglen heilt inn i fjæresteinane. Men då fekk mannskapet seg nok ei overrasking.

Hadde med seg turmat

– Vi såg plutseleg at ørna hadde hatt med seg eit herremåltid på svømmeturen i Sognefjorden, seier Elnes.

I eit fast grep hadde ørna nemleg frakta med seg ein fisk på den lange svømmeturen.

– Eg antar at ørna har dukka ned i fjorden etter eit bytte, men blitt så våt at ho ikkje klarte å fly sin veg, fortel maskinsjefen.

Elnes fortel at ørna såg frisk og fin ut, men at den sikkert må tørke opp att før den flyr vidare.