OPPDATERT: Førde vann finalen der dei møtte Askvoll. Medan laget frå Askvoll fekk 8 av 15 moglege poeng, klinka laget frå Førde til med 11 av 15 rette. NRK kjem tilbake med ei fyldig sak om dette.
Dei to semifinalane går som følgjer: Først Askvoll skule mot Flatbygdi skule, så Sande skule mot Førde ungdomsskule.
Askvoll vann den første semifinalen med 6 av 12 poeng. Flatbygdi fekk 4 av 12 poeng.
Førde vann den andre semifinalen med 10 av 12 poeng, medan Sande her fekk 9 av 12 poeng.
Fire lag er klare for finalen, og skal kjempe om heider, ære og ikkje minst ein plass i den store nasjonale finalen i Oslo i mai.
– Vi gler oss masse, og satsar på at dette blir eit flott, førebels punktum for ei reise i kunnskap i Sogn og Fjordane, seier quizgeneral Geir Bjarte Hjetland.
Det er 10.-klassingar frå Sande skule, Førde ungdomsskule, Askvoll skule og Flatbygdi skule i Vik som er kvalifisert for finalerundane.
– Det blir først to semifinalar mellom klokka 15 og 16, så blir det finale etter Dagsnytt og Fylkesnytt klokka 16, fortel Hjetland.
Heile sendinga blir strøyma direkte på nett-TV via nrk.no/sf og på vår Facebook-side, samt at det blir sendt direkte på NRK P1.
- Les også: