Hopp til innhold

Sjå Odd (101) dra i land rekordlaksen

VIK (NRK): Odd Borlaug måtte kjempe lenge, og få litt hjelp, for å få laksen på nesten 16 kilo på land. Sjå video av gårsdagens storfangst her.

Tysdag drog 101 år gamle Odd Borlaug frå Vik i land ein laks på 15,8 kilo. Dette er den største laksen som har vorte teken i Vikja sidan 80-talet, og nesten ei dobling av Odd sin personlege rekord på 8,5 kilo

Odd Borlaug

STORFANGST: 101-åringen frå Vik drog i land ein laks på nesten 16 kilo tysdag.

Foto: Morten Jacobsen

– Eg trur det tok nesten ein time å få han på land. Eg bala lenge, men så reiste han for langt for meg. Då måtte eg gi stanga mi til ein annan som kunne følgja fisken bortover. Fisken reiste ut med alt snøret eg hadde, sa Borlaug til NRK i går.

Onsdag var han igjen ute for å prøve fiskelukka, slik han er nærast kvar dag om sommaren. Etter å ha fått sin første laks for sesongen måndag, og laksen på nærare 16 kilo tysdag, måtte den røynde laksefiskaren gå tomhendt heim. Men så har han jo storfangsten å ta av.

– Fisken er komen i frysen, fortel Borlaug.