Hopp til innhold

Sjå NRK SommarLutt direkte frå Malakoff

Fredag er det klart for jubileumsfeiring for NRK SommarLutt. Det er nemleg fem år sidan NRK og Malakoff for første gong samarbeidde om festkonsert frå sentrum av Nordfjordeid.

NRK SommarLutt frå Malakoff Rockfestival

SJÅ DIREKTE: Om du ikkje har moglegheit til å vere til stades under NRK SommarLutt på Nordfjordeid, kan du sjå konserten i nett-TV.

NRK får utvida sendetid når dei startar SommarLutt-konserten klokka 13 på fredag ettermiddag. På scena står artistar frå heile Sogn og Fjordane.

Publikum kan glede seg til artistar som Comet Kid, Svelekameratane, Jørn Trollebø, Drusar, Sofia Hyttedalen og Aleks Grey.

– Det er litt av eit program vi byr på. Veldig mange spennande band med høg kvalitet. Det blir to timar med musikalsk moro, seier programleiar Stian Sjursen Takle.

Det er tredje fredagen på rad at NRK arrangerer konsert på festivalar i fylket. Førre helg var det NRK CountryLutt frå Norsk Country Treff, og helga før kunne du oppleve NRK FolkeLutt frå Førdefestivalen.

Sofia Hyttedalen

DEBUT: Sofia Hyttedalen skal for første gong syngje under SommarLutt.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Jubileum for SommarLutt

Konserten blir sendt direkte frå parken utanfor Sparebanken Vest på Nordfjordeid. I tillegg vert den sendt direkte på radio og i nett-tv på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

– Vi håpar på mykje publikum og god stemning. Gjennom dei fem åra vi har arrangert SommarLutt har ei mengd med artistar frå fylket fått vise seg fram for eit stort publikum. Målet med desse konsertane er jo nettopp å vise kor mange dyktige og spennande musikarar det finst i Sogn og Fjordane, seier Sjursen Takle.

Målrock 2013 i Årdal

DRUSAR: Det blir å bli god stemning når desse står på scena.

Foto: Siren B. Svortevik / NRK

Spenstig og variert

Blant artistane er Jørn Trollebø Kvalheim som kom på andreplass i Idol i fjor. Han stiller med sin eigen musikk og heile bandet sitt Trollebø. Comet Kid med Alexander Hoddvik frå Stad og Svein Inge Bjørkedal frå Førde spelar på tre store festivalar denne helga, og er blant dei du får sjå på SommarLutt-scena.

Svelekameratane er fast innslag på Malakoff og for første gong spelar dei i år på SommarLutt i sentrum av Nordfjordeid. Drusar kjem med sine Jølstraåkle-pynta forsterkarar.

Comet Kid

TRAVEL HELG: Comet Kid med Alexander Hoddvik frå Stad og Svein Inge Bjørkedal frå Førde spelar på tre store festivalar denne helga

Foto: Pressebilde

Dei vil mellom anna spele låten si som DDE plukka ut som sitt bidrag i "The Hit" på NRK1.

I See Rivers må melde avbod på grunn av sjukdom, og i staden kjem Aleks Grey frå Nordfjordeid for å gi deg smakebit av hans fantastiske musikk. Dessutan kjem det unge talentet Sofia Hyttedalen på 14 år som imponerte alle under UKM i Sogn og Fjordane.

Sendinga ser du fredag 17. juli kl. 13:05–15:00 - direkte frå Nordfjordeid.

Her kan du sjå opptaket frå dei to andre Lutt-konsertane i sommar: