Hopp til innhold

Sjå New York Times sitt kart over Norge

I indre Sunnfjord kranglar politikarane om kva den nye storkommunen skal heite, men når storavisa New York Times har teikna kart over Norge ser det ikkje ut til å vere nokon tvil.

Kart over Norge i New York Times

SUNNFJORD OG OSLO: New York Times har illustrert kartet sitt over Norge med ein markør på dei to viktige stadene Oslo og Sunnfjord.

Foto: New York Times

Avisa har skrive ein lengre artikkel om forholdet mellom Russland og USA, der dei omtalar amerikanske styrkar som har vore i Norge for å trene på vinterkrig. For å illustrere har dei nytta eit kart over Norge, der Oslo og Sunnfjord er markert.

– Dette er fantastisk, det er eit av dei flottaste karta eg har sett, seier Rolf Sanne-Gundersen.

Han er administrerande direktør i Sunnfjord Næringsutvikling, og jobbar systematisk for å byggje opp Sunnfjord som ein merkevare. No meiner han at han ser at arbeidet ber frukter.

– Det er tydeleg at det arbeidet vi har gjort fungerer. No har vi ein merkevare som til og med gjer det bra i USA, humrar Sanne-Gundersen.

Rolf Sanne-Gundersen smiler nøgd

GODT NØGD: Næringstopp Rolf Sanne-Gundersen tykkjer det er bra at den amerikanske avisa set pris på Sunnfjord.

Foto: Privat / Privat

NRK kjenner ikkje til kvifor New York Times har valt å markere den framtidige storkommunen på kartet sitt saman med Oslo, men Sanne-Gundersen spekulerer i om det kanskje har noko med den planlagde kommunesamanslåinga å gjere.

– Kommunane i indre Sunnfjord kjem til å få ei heilt anna tyngde når dei i framtida står saman, og det er jo dette eit godt døme.

Sunnfjordpatrioten er også glad for at den amerikanske avisa har teke standpunkt i den brennheite namnediskusjonen som held på for tida. Mange har nemleg vore kritiske til at ordførarane i indre Sunnfjord har lyst til å nytte namnet "Sunnfjord" på sin nye kommune,.

– Når New York Times tek eit så klart standpunkt tenkjer eg at namnediskusjonen etter kvart er parkert, avsluttar Sanne-Gundersen.