Hopp til innhold

Sjå MGP-festen på Nordfjordeid

MGPjr-vinnarane Anna Naustdal og Vilde Hjelle vart i kveld feira og hylla i heimbygda. Du kan sjå opptak frå feiringa her!

Vilde og Anna syng vinnarsongen på Nordfjordeid

STEMNINGSFULLT: Vinnarmelodien til Anna og Vilde har allereie rukke å bli allsangmateriale på Eid.

Laurdag kveld sjarmerte dei heile Norge i senk med songen «Vestlandet». Framfor eit stort TV-publikum og eit fullsett Oslo Spektrum, stod dei igjen som vinnarar av MGPjr.

No er jentene tilbake til kvardagen i Eid, men meir feiring blir det likevel. For måndag kveld inviterte Eid kommune til fest og ope hus i operahuset.

Om du ikkje kan komme dit, så kan du sjå jentene synge vinnarmelodien i videoen over! Eit smekkfullt operahus på Nordfjordeid tok i mot dei to med jubelbrus og allsang i kveld.

Anna og vilde på Nordfjordeid

KJEKT Å VERE KJENDIS: Vilde Hjelle tykkjer all merksemda ho og Anna har fått sidan sigeren berre er kjekt.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var hakket betre å vere her enn å stå på scena i Oslo spektrum, seier Anna Naustdal.

Saman med makkaren Vilde samla ho heile bygda til fest kvelden etter kvelden, og arrangøren trur det kan ha vore så mykje som tusen menneske til stades. Eid-ordførar Alfred Bjørlo var i ekstase etter festen.

– Det var utruleg god stemning der. Heilt framme stod det fleire hundre entusiastiske ungar, og bak dei igjen stod det hundrevis av vaksne. Totalt trur vi at det var opp mot tusen menneske i operahallen i kveld.

Jenny Følling et kake med Anna og Vilde

GODE FØREBILETE: Fylkesordførar Jenny Følling åt kake med vinnarjentene, og lot seg imponere av dei.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ein annan som lot seg imponere av stemninga på operahuset i kveld er fylkesordførar Jenny Følling. Ho hadde med seg kake til dei to jentene, som også fekk mange gode ord.

– Eg er veldig imponert av kor reflekterte Anna og Vilde er rundt identitet til heimstaden sin, og det å vere glad i den. Dei er gode førebilete som er seg sjølve, og det håpar eg dei held fram med, seier Følling.