Hopp til innhold

Sjå filmen: Måren si farefulle matjakt

Snakk om flaks! Familien Digernes fekk brått tilskodarplass til måren si utrulege jakt etter fuglematen dei hadde hengt ut.

Mår på jakt etter mat

IVRIG KRABAT: Måren var på jakt etter den heimelaga fuglematen til familien Digernes. Foto: Eirik Digernes Redigering: Ole André Rekkedal

– Vi visste jo at det er mår både rundt og under hytta, og den har jo lagt att visittkorta sine og vi har sett glimt av den. Men denne gongen fekk vi verkeleg sjå måren på nært hald. Vi fekk sjå kor spenstig og interessant den kunne oppføre seg, seier Sindre Digernes til NRK.

Saman med resten av familien, var dei på helgetur på hytta i Fjærland i Sogn, då det vesle, nyfikne rovdyret kom svært tett på.

– Vi har hengt opp ei lita bøtte med fuglemat som vi har laga sjølv. Måren har sikkert kjend lukta og for rundt og snusa. Brått kom han så nær opp til vindauge at vi klarte å filme den, fortel Digernes.

Rikt dyreliv ved hytta

Familien frå Langevåg på Sunnmøre skaffa seg hytte i Fjærland for å kunne samle flest mogeleg av familiemedlemene, og det å ha ein stad midt i naturen ved Fjærlandsfjorden er spennande.

– Det er veldig interessant. Mår er jo sjeldan, men ekorn har vi ofte på besøk, og i vinter såg vi ei snømus pile forbi. Fuglematen blir jo veldig flittig ete av. Det er eit veldig rikt dyreliv her i området, både i skogen og i fjorden, fortel Digernes.

Fekk forsynt seg av maten

Det var sonen Eirik som klarte å fange måren si jakt på den velsmakande fuglematen i bøtta, og det vanlegvis så sky dyret veik ikkje unna då det såg folka i vindauga.

– Han var ikkje skvetten i det heile, men eg trur kanskje ikkje han såg oss så godt gjennom glasruta. Så tok han seg skikkeleg saman og tok eit sprang ut i lufta. Då fekk vi oss ein støkk. Den neste støkken fekk vi då såg at han hadde problem med å halde seg fast og ramla ned, seier Sindre Digernes.

– Fuglane då, kom dei attende?

– Fuglane kom tilbake etter kvart, men dagen etterpå var dei skuffa, for då var bøtta tom. Vi fekk eit glimt av måren som sat nedanfor og koste seg med fuglematen.