Hopp til innhold

Sjå løparane kjempe med stive bein

Trappeløpet i Høyanger er eitt av dei eldste motbakkeløpa i landet. Laurdag kan du i ro og mak følgje med live når NRK.no sender løpet i nett-TV.

Video Sjå Trappeløpet i Høyanger direkte

Sjå Trappeløpet i Høyanger direkte

Trappeløpet vert kvart år arrangert oppover dei 1268 trappetrinna langs røyrgatene i Høyanger.

I fjor vart Thorbjørn Thorsen Ludvigsen den første til å springe under åtte minutt, då han sette rekord med tida 7.53 – det er 0,37 sekund per trappetrinn.

Thorsen Ludvigsen er Norges kanskje beste motbakkeløpar, og han tek turen til industristaden også i år. Arrangøren melder dessutan om rekordstor førehandspåmelding frå Hordaland.

Trappeløpet vert i år sendt direkte i nett-TV på NRK.no. Du kan sjå sendinga øvst i artikkelen laurdag frå klokka 15:30.

Jakt på resultat og rekordar til trass; majoriteten av dei rundt 300 løparane som deltek, ser på løpet som ei bratt sosialiseringsøkt i industrihistorie og flott natur.

For publikum sin del sperrar arrangøren av kvartalet rundt bytorget for trafikk, og konkurransen vil bli vist på ein ti kvadratmeter stor storskjerm på bytorget.

Jenter på veg opp trappene under Trappeløpet
Foto: Privat