NRK Meny
Normal

Sjå kven som vitja Framfjorden i dag

Ein spekkhoggarfamilie på fem har i dag vore på vitjing i Framfjorden i Vik.

– Sambuaren kikka tilfelfeldigvis ut vindauge her vi bur i Framfjorden og fekk auge på spekkhoggarane som kom inn fjorden, fortel Jostein Dale.

Han skunda seg å finne fram fotografiapparatet så han kunne dokumentere synet.

– Eg har ikkje sett spekkhoggar her tidlegare, men eg har høyrt andre som har sett dei no i det siste.

Jostein og sambuaren talde fem spekkhoggarar, og to av dei kunne verke som dei var ungar.

– Vi følgde dei med bil innover fjorden, heilt inn til Vik. Dei stogge ikkje opp under vegs, men sumde langs land rett inn fjorden. Vi såg dei dukka kvar gong båtar kom i nærleiken

– Korleis opplevde du det, å vere så nær på spekkhoggarane?

– Det var moro, det er ikkje noko ein ser kvar dag, så det var kjekt å sjå.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser