Hopp til innhold

Her er siste tilskot i saueflokken

Erling Offerdal (55) fekk med eit ekstra dyr heim etter sauesanking i Årdalsfjella. – Han er ingen sau, men han oppfører seg som han skulle vore det, ler bonden.

Erling Offerdal fekk med seg ein dyr for mykje under sauesankinga. Det er ikkje ein sau, men ein hjortekalv. - Men han oppfører seg som han skulle vore ein sau, seier bonden.

OPPFØRER SEG SOM EIN SAU: Siste tilskot i saueflokken til Erling Offerdal er slett ingen sau, men han oppfører seg som ein. FOTO: Per Henjum.

Det nyaste tilskotet i saueflokken hans er nemleg alt anna enn ein sau. Brun og slett i pelsen, med spisse øyre og store auge oppfører den vesle hjortekalven seg likevel som han skulle vore ein av dei kvite ulldottane.

– Eg har drive med sau heile livet, og dette har eg aldri vore borti. Det verkar nesten som han oppfører seg som ein sau han også. Han gjer alt som søya, eller adoptivmora må eg vel kalle ho, gjer, flirer Offerdal.

– Hjortekalven ville vere med

Etter at Offerdal var på sauesanking i fjellet som ligg mot Lusterhalvøya for nokre dagar sidan har saueflokken hans fått uvanleg mykje merksemd.

Kanskje ikkje så rart når ein av «sauene» er ein liten hjortekalv.

– Eg var å sanka sauer inne i fjellet, ein fire-fem timars gonge herifrå, og det var der eg møtte ein sau med to tvillinglam. Og i tillegg denne hjortekalven. Eg byrja jage på sauen, og då ville hjortekalven vere med, og det fekk den lov til, fortel Offerdal.

– På veg heimover var hjortekalven veldig ivrig på å passe på sauen. Det verka nesten som at sauen hadde adoptert kalven, han la seg faktisk ned og saug på juret på veg heimover, seier Offerdal og fortel at han aldri har høyrt om liknande.

– Gjer nett som «mora»

Frå der han sanka sauene og heim er det mange mil å gå.

– Det var ein fire-fem timar heim. Men hjortekalven følgde med. Eg hadde ganske mange sauer med, men så lenge han fekk gå med denne søya, så følgde han med like fint som sauene, seier sauebonden.

Han seier den vesle kalven verkar å føle seg heime og som ein del av familien saman med søya og dei to tvillinglamma hennar. Han gjer stadig som resten av den vesle familien.

– Om mora et mjøl frå stein, så gjer han det. Om mora drikk vatn frå bekken, så gjer han det. Men han verkar veldig avhengig av morsauen og lamma, seier Offerdal.

Korleis hjortekalven kom til å gå saman med sauene veit ikkje Offerdal. Men han trur hjortemora må ha omkome eller kome vekk på anna måte.

– Eg trur ikkje ho ville ha reist frå kalven frivillig, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Denne hjortekalven har funne seg godt til rette i saueflokken

GODT TIL RETTE: Hjortekalven har funne seg godt til rette saman med dei to tvillinglamma og søya.

Foto: Per Henjum

Får bli med inn i fjøsen

Heime på garden går no hjortekalven og oppfører seg som ein naturleg del av flokken, og det skal han også få lov til, seier Offerdal.

– Eg har ikkje planar om noko anna, det er triveleg å ha han her og han reagerer ikkje på sauehunden eg har eller noko, seier han.

– Får han bli med inn i fjøsen også?

– Ja, det trur eg ikkje skal by på store problem. Han går der morsauen går, så då går han heilt sikkert fint inn i fjøsen også, seier han og legg til at han vil prøve lage det til slik at hjortekalven kan gå litt ute i vinter.

– Du blir nesten adoptivfar du då?

– Ja, det blir eg, ler han og avslører at han enno ikkje har funne noko namn til kalven.

– Men det skal eg nok finne, og folk må berre kome med forslag.

Heilt uaktuelt med slakting

Den vesle bukkekalven er førebels ganske liten for å vere ein bukk, fortel sauebonden vidare og trur det kan ha samanheng med at han har vore lenge utan mor. Men etter kvart vil bukken vekse til, og kva då?

– No er det ingen problem, den oppfører seg som eit lam den også. Men når den blir større, så får vi vurdere om den skal inn på ein hjortefarm eller noko. Akkurat i dag har eg ingen andre planar enn at den skal få vere her på garden, seier han og avviser kontant at det blir snakk om noko slakting.

Hjortekalven held seg til morsauen og dei to lamma, og så lenge den er i nærleiken av den har den ikkje verka redd for folk. Offerdal seier han kan kome ganske nær den.

– Det er heilt fantastisk dette, og veldig artig!