NRK Meny
Normal

Sjå kven som var på Sogndal-trening

Even Hovland stod torsdag på sidelinja då gamle lagkameratar i Sogndal Fotball starta sesongoppkøyringa fram mot seriestart i mars.

Even Hovland

PÅ BESØK: Ein Even Hovland i midtforsvaret til Sogndal, kunne nok mange tenkt seg. Men 23-åringen var berre på besøk då han stod på sidelinja under Sogndal-treninga torsdag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Midtstopparen frå Vadheim vart før fjorårssesongen selt frå Sogndal til seriemeister Molde .

Even Hovland vedgjekk at det kribla litt i beina då han såg sogndalsspelarane leike seg med ball i Sognahallen.

– Ja, litt. Men det er tidleg framleis. Vi har fri til 12. januar, då byrjar vi. Så får vi sjå kva som skjer der oppe. Dei første treningane er sjølvsagt kjekke, men det er framleis litt tidleg for min del, seier 23-åringen.

Bytte korsband

For ein kneskade spolerte siste del av Molde sin andre strake meisterskapssesong i Eliteserien. I meisterligakvalifiseringa borte mot Basel var debutsesongen i Rosenes by over etter 18 kampar då korsbandet rauk .

I september fekk han operert inn nytt korsband.

– Legen som opererte sa ni månader, men folk har kome att før det. For min del blir det å ta tida som trengst, for det er ikkje noko poeng å stresse det for så å bli skada att. Då er det betre å kome att 100 prosent, seier han.

Ballen må vente

Ni månader etter operasjonen i september, antydar eit comeback i juni. Dermed ser det mørkt ut for Hovland sin del med tanke på å få med seg seriestart 17. mars.

– Det går nok eit par månader til før eg er tilbake for fullt. Eg har ikkje problem å med å gå, kjenner at eg er litt svakare i foten, så eg må jobbe inn att styrken før er eg klar att, seier han og held fram:

– Det går betre og betre. Ein kjem seg meir og meir på beina, og får gjort meir og meir. Det kjennest bra ut, så førebels er det berre å gjere ein god innsats i vinter og sjå når eg klarer å komme tilbake, seier han og reknar med det blir noko springing før han får sleppe til i balløktene med lagkameratane i Molde.

Tenkjer ikkje landslag

– Du fekk jo ikkje vist fram alt før skaden slo inn. Ser du på årets sesong som gjennombrotssesongen din?

– Ein vil jo vere betre enn sesongen i fjor. Du må berre stå på no fram til du får spele att, seier 23-åringen og førebels ikkje har tankar om landslaget. Til no står han bokført med tre A-landskampar – alle etter overgangen til Molde.

– Det viktigaste no er å bli frisk att og få spele igjen, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser