Hopp til innhold

Sjå kven som kom på besøk

Aurlandsfjorden fekk eit storfint besøk av ein noko spesiell gjeng i dag. Sju spekkhoggarar leika seg i vatnet til stor glede for båtfolk.

Spekkhoggere var på besøk i Aurlandsfjorden idag.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå videoen av spekkhoggarane som leika seg gjennom fjorden. (Foto: Ann-Kristin Lyngtu Svortevik/ red: Johan Moen)

– No kjem dei mot oss, skrik Ann-Kristin Lyngtu Svortevik, i det ho ser fleire spekkhoggarar komme mot båten.

På ein heilt vanleg tysdag fekk Lyngtu Svortevik ei naturoppleving ho aldri kjem til å gløyme. Tysdagen blei alt anna enn grå for bergensaren som jobbar i Flåm.

– Saman med gjengen i Flåm guideservice kasta vi oss ut i båtane. Spekkhoggarane kom ganske tett på, så det er heilt fantastisk. Eg var heldig som fekk sjå desse dyra. Det var noko spesielt å komme så nært på naturen.

Sju store spekkhoggarar var få meter frå båten, men det var alt anna enn skummelt, meiner Lyngtu Svortevik.

– Fjorden var klar og vi kunne sjå dei kvite flekkane då dei svømte under båten. Det var magisk.

Spekkhoggaren er den største arten i delfinfamilien og er med høg ryggfinne, kvit buk og flekk bak auga lett å kjenne att. Arten finst på alle verdshava og har og fleire gangar tidlegare blitt observert lenger i Sognefjorden.

Les også: - Dei var berre fem meter frå oss